Mjølkedalspiggen (19.07.2024)


Start point Eidsbugarden (1,082m)
Endpoint Eidsbugarden (1,064m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 11min
Distance 24.2km
Vertical meters 1,440m
GPS
Ascents Mjølkedalspiggen (2,040m) 19.07.2024 08:30
Sørøst for Mjølkedalspiggen (1,987m) 19.07.2024 08:30

Mjølkedalspiggen

Avstikkar frå Vinjerock


Etter første kvelden på Vinjerock la eg og Magnar ut på tur for å bestige Mjølkedalspiggen, og muligens Sagi. Vi pakka med tau og sikringsutstyr i tilfelle vi skulle nå heilt fram til Sagi, so sekkane vart nokså tunge. Formen var også redusert etter lystig lag kvelden i forvegen. Vêret kunne vi dog ikkje klage på. Det var fantastisk (heile helga!)!



Etter eit par spy-pauser langs austsida av Store Mjølkedalsvatnet nådde vi Mjølkedalsbreen og stigninga opp mot piggen. Formen var fortsatt laber etter gårsdagen, og vi var i ferd med å gje opp heile turen.

Vi tok ei god pause, og kokte opp litt turmat før vi kvilte middag på svaberga. Sola varma godt, og elva som bruste på sida gjorde det lett å duppa av.

Etter en times pause såg vi plutselig en gjeng som kom joggande på tvers av Mjølkedalsbreen. Dei holdt retning over mot ryggen opp mot piggen. Magnar spratt opp og satte kurs mot ryggen. Formen var tydeligvis blitt betre etter kvilen.



Det vart ei seig oppstigning, spesielt sidan vi prøvde å holde følge med den joggande gjengen. Dei var utstyrt for joggetur, medan vi hadde dei tunge sekkane våre. Dei var også på Vinjerock denne helga.

Vi nådde etter kvart toppen av ryggen, og såg fort at dette berre var ein fortopp. Det var endå eit stykke igjen til hovedtoppen.



Det mest spennande partiet på turen møtte vi under siste oppstigninga til sjølve piggen. Her møtte vi eit kort parti der vi enten kunne gå rett på med eit litt små-eksponert klyve opptak, eller trekke litt ut til venstre med litt lausare klyving. Den lause varianten blei valgt på vei opp, og den små-eksponerte på veg ned.



Toppen vart nådd etter 5,5 timar, og vi hadde for lengst innsett at det ikkje vart noko tur bort til Sagi denne dagen. Vi var allikevel godt nøgde med å få besøkt sjølvaste Mjølkedalspiggen denne helga.



Returen gikk via vestsida av Store Mjølkedalsvatnet. Dette var nok meir effektivt enn austsida.

Tilbake ved Eidsbugarden blei det eit forfriskande bad i Mjølkedøla før det var klart for ein ny festivalkveld.



Takk for turen!


Start date 19.07.2024 08:38
(UTC+01:00 DST)
End date 19.07.2024 17:50
(UTC+01:00 DST)
Total Time 9h 11min
Moving Time 7h 21min
Stopped Time 1h 50min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 3.3km/h
Distance 24.2km
Vertical meters 1,439m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.