Gravdalstindar og Søre Smørstabbtindar (17.05.2024)
Startsted | Sognefjellshytta (1423moh) |
---|---|
Sluttsted | Sognefjellshytta (1423moh) |
Turtype | Randonnée/Telemark |
Turlengde | 10t 09min |
Distanse | 21,3km |
Høydemeter | 1377m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Gravdalstinden (2113moh) | 17.05.2024 09:15 |
---|---|---|
Vesle Gravdalstinden (2015moh) | 17.05.2024 09:15 | |
Søraustre Smørstabbtinden (2030moh) | 17.05.2024 09:15 | |
Søre Smørstabbtinden (2033moh) | 17.05.2024 09:15 | |
Øst for Søre Smørstabbtinden (2023moh) | 17.05.2024 09:15 | |
Sørvestre Smørstabbtinden (2045moh) | 17.05.2024 09:15 |
Gravdalstindar og Søre Smørstabbtindar
17. Mai feiring rundt Smørstabbreen.
Etter eit litt surt 17. Mai vêr året i forrvegen der det ikke vart nokon tur til fjells, meldte Yr i år om perfekte forhold for feiring til fjells.
Turen blei lagt til Sognefjellet med innlosjering på Sognefjellshytta.
Etter ein god frukost spant vi på oss skia og starta vandringa mot Smørstabbreen. Vi gikk turen på randoneeski, men turen hadde også vert godt egna for fjellski.
Første timen gikk i "bortover terreng" langs skiløypa på Sognefjellet og inn på den kvista løypa mot Skogadalsbøen. Den neste timen gikk i "oppover terreng" melllom Falgeberget og Bøverbreen før vi kom opp på Smørstabbreen.
Sørvestre Smørstabbtind blei besteget frå nordvest før vi la sporet vidare mot Vesle Gravdalstinden og Gravdalstinden. Frå Gravdalstindane hadde vi rå utsikt innover dei sentrale delane av Jotunheimen.
Etter nedkjøringa frå Gravdalstinden gjekk turen opp til Søre Smørstabbtinden. Herfrå blei skia festa på sekken og vi fulgte ryggen vidare mot Søraustre Smørstabbtinden. Traverseringa starta med ei litt bratt nedstigning kor vi fant vi eit rapellanker. Vi forsterka ankeret med ein taustump før vi tok ein kort rapell ned på ryggen. Nedstigninga hadde fint gått å klyve ned, men med ski på sekken og randonee støvlar på beina er det lett å komme i ubalanse.
Ryggen vidare baud ikkje på nokon utfordringar, med unntak av eit litt smalt parti der det var bratt ned mot aust.
Ski og sekk blei parkert ved foten av Søraustre Smørstabbtind før vi vada oss opp snøen mot toppen. På toppen var vi oppom begge toppunkta for å sikre oss at vi hadde vert på det høgste. Traverseringa mellom toppunkta baud på enkel klyving. Frå toppen kunne vi sjå rett bort på Storebjørn som vi hadde planar om å besøke neste dag.
Tilbake ved skia var det berre å skli seg ut Smørstabbreen mot Sognefjellshytta kor middagen venta. Utmarsjen fra breen var litt seig på randonee ski, men slitet gjorde at middagen smakte ekstra godt.
Takk for turen!
Starttidspunkt | 17.05.2024 09:14 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 17.05.2024 19:23 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 10t 09min |
Bevegelsestid | 5t 47min |
Pausetid | 4t 21min |
Snittfart totalt | 2,1km/t |
Snittfart bevegelsestid | 3,7km/t |
Distanse | 21,3km |
Høydemeter | 1376m |
Kommentarer