Store Dyrhaugstind (27.07.2023)


Startpunkt Ringsdalen (1.011m)
Endpunkt Ringsdalen (1.026m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 19h 48min
Entfernung 10,3km
Höhenmeter 1.211m
GPS
Besteigungen Store Dyrhaugstinden (2.147m) 27.07.2023 10:00
Nørdre Dyrhaugstinden (2.121m) 27.07.2023 10:00

Store Dyrhaugstind

Etter tur på Stølsmaradalstind med overnatting i Austabotn kjøyrde vi til Ringsdalen. I staden for å overnatte nede i Ringsdalen valde vi å bære med oss teltet opp til vatna ved Øvre Dyrhaug.

Vi gjorde ein liten navigeringstabbe i starten ved å ikkje passere elva nedanfor bekkeinntaket. Dette førte til at vi måtte vade over elva lenger oppe i Ringsdalen, og vi kom heller ikkje inn på råsa som fører opp til Dyrhaugsryggen. Det ville nok vert ein del enklare å bære dei tunge sekkane opp råsa, i staden for å kjempe seg opp den bratte fjellsida utafor råsa.



Gjennom natta og ut på morgenen høyrde vi på lyden av regnet mot teltduken. Det skulle lette litt utover formiddagen, så vi stressa ikkje med å komme oss tidlig avgårde.

Planen for dagen var å komme seg opp til Store Dyrhaugstind, og eventuelt plukke fleire toppar vidare bortover Dyrhaugsryggen.

Ura oppover mot ryggen var slik som eg hugsa den frå siste eg var her; endelaust med stein på stein. Her er det berre å gå steg for steg, og vite at det er ein del "luretoppar" før ein kjem til toppen av ryggen. Med artig rangling i vente er strevet uansett verdt det.



Vi tok oss ein matbit rett før Nordre Dyrhaugstind, og tok på oss litt ekstra kle før vi starta ut mot Store Dyrhaugstind. Storen gøymde seg inn i ei tåkesky i bakgrunnen og det var ei trollsk stemning med tåka som steig opp langs Dyrhaugsryggen.



Sist gang eg gjekk her trakk vi litt ned i sida mot Ringsdalen på dei stadane det såg luftig ut å følge toppeggen. Der nede var det mykje laust, og vi valde derfor denne gangen å gå toppryggen heile vegen. Dette var mykje enklare og føltes tryggare ut, sjøl om ein nokon plasser er nært stupet ned til Skagastølsdalen. Følg rygg, vær trygg gjeld kanskje også på sommaren..?



Ved den store toppvarden nøyt vi den trolske stemningen ei lita stund medan vi vurderte om vi skulle gå vidare eller snu. Det var begynt å regne litt, og vi valde å nytte tida frem til det eventuelt vart glatt på stinar og berg til å komme oss tilbake til nordre.

Returen til teltet gjekk smertefritt, men etter to dagar på topptur var Tonje begynt å bli ganske sliten i beina. Eg tilbydde meg derfor å bære den eine sekken hennar delar av returen ned til Ringsdalen. Kjekt med litt ekstra trim.



Vell tilbake i bilen satte vi kursen om Lom og vidare heim mot Hornindal.

Takk for turen!


Startzeitpunkt 26.07.2023 20:23
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 27.07.2023 16:11
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 19h 48min
Zeit in Bewegung 4h 00min
Pausenzeit 15h 47min
Gesamtschnitt 0,5km/h
Bewegungsschnitt 2,6km/h
Entfernung 10,3km
Höhenmeter 1.211m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.