Fuglafjellet frå Hamlagrø - kommune nr 300 (02.05.2024)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 9t 30min
Distanse 30,0km
Høydemeter 1407m
Kart
Bestigninger Fuglafjellet (1334moh) 02.05.2024

Det blei Kvam som kommune nr 300 i topp-prosjektet. Verkeleg verdig jubileumstur blei det. Eg drog med buss til Notodden og overnatta hos Hallgrim slik at vi kunne starte tidleg 1. mai. Vermeldinga hadde varsla om det første sommarveret, og det slog til. Vi kom fram til Hamlagrøosen kl 1430, spiste litt, skifta og pakka litt om. Så gjekk vi dei to timane opp til Vending turisthytte. Varm ettermiddagssol. Vi var einaste gjester på denne fine sjølvbetente hytta. Då vi gjekk og la oss var det 10 plussgrader ute kl 2200!
Vi var ferdig vaska ut av hytta dagen etter til 0845, og starta å gå i 12 plussgrader.
Vi var i tvil om beste trasé opp, fjellet såg bratt ut frå alle kantar! Men vi valde å runde fjellet og gå ned Fugladalen, og heldigvis gav gamle skuterspor og skispor indikasjon på kvar vi skulle gå. Fjellsidene såg jo ganske uframkomelege ut. Vi gjekk opp til Fossavatnet, og klorte oss dinest vidare til Øvre Fugladalsvatnet. Derifrå heldt vi til høgre og over til den breie bekkedalen som ender i ein bratt dalbotn før ein er oppe på 1200 m. Det var mange tendensar til sørpeskred og fenner som brakk av, og vi var litt usikre på den inste bratte dalbotnen, så vi gjekk i staden opp på ryggen til venstre og over på andre sida. Der såg vi nok Fuglafjellet bratt opp på høgre (vestre) side, men kortslutta heilt og gjekk i staden i retning mot den varda toppen i sør (aust). Den var ganske bratt og ulendt, men hadde flott utsyn. Eg småfeira litt kommune nr 300 der, men då vi rasta i ei lun fonn nedafor toppen, sjekka eg gps’en og fann ut at vi var på feil topp. Vi heldt moralen oppe og gjekk raskt over til spor (!) opp til Fuglafjellet og erfarte heldigvis at det var ein ganske enkel tur opp dit. Ingen farlege heng og skavlar der!
Det bles hardt på toppen, så vi gjorde oss fort ferdige, og starta heimturen - først ned til Fugladalen, så nesten tilbake til Vending og deretter strake vegen ned til Hamlagrøosen.
Må seie at turen var spektakulært flott, men også veldig tung, primært på grunn av blytungt sørpeføre, men også fordi turen mellom Vending og toppen var «unødvendig» kupert. Vi mista høgde mange gonger fordi sikkert ruteval tvang oss mykje opp og ned. Været var utruleg med tosifra plussgrader heile tida og absolutt skyfritt. Vi var ordentleg slitne dei siste kilometrane, varmen, litt lite drikke, sørpeføret og over 1400 hm på to dagar kjende vi på kroppen.
Hallgrim var solidarisk med på 320 + 1087 hm, 6+24 km og 2+7,5 time på ski. Ei stor naturoppleving, men slitsam!

Kommentarer

  • -
    avatar

    Gratulerer med Fuglafjellet og

    Skrevet av Stigun 04.05.2024 23:43

    kommunetopp nr 300! Absolutt en av de aller mest krevende i gml Hordaland dette, særlig med de forholdene dere hadde!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer med Fuglafjelle

      Skrevet av bakken59 05.05.2024 09:50

      Takk Stig! Det var flott - men eg var sliten dei siste kilometrane i sørpeføre!

  • -
    avatar

    Gratulerer med de 300!

    Skrevet av knutsverre 03.05.2024 16:39

    Godt gjort å gjennomføre turen i dette terrenget på tungt føre!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer med de 300!

      Skrevet av bakken59 03.05.2024 16:46

      Takk, Knut Sverre! Eg er i ganske god form, trur eg, etter nesten 1700 km på ski i vinter. Men denne turen var tøff - og nydeleg!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.