Såta, Grytingen (26.04.2024)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Duration 3h 17min
Distance 20.4km
Vertical meters 1,137m
GPS
Ascents Grytingen (1,462m) 26.04.2024
Såta (1,622m) 26.04.2024
Spådd to gode vërdagar, tek ein dag jobbfri og dreg for å nytte noko som kan bli dei siste skitoppturdagane austpå.
Byger oppover Hallingdalen, dimt på fjellet, nysnø på trea. I dag er det treningsturformatet som gjeld. Sjølv med fellar gjev den halvblaute nysnøen gode glifasar med alpint turutstyr racing. Desse er satt inn med Nikwax-guffe, og i dag er dei isfrie nestan heile turen.
Skiløypenettet frå Nysetri nord for Torpo er ikkje helgepreppa enno, og orienteringa må bruke fjella som referansar. Ferdig med stølsfjellet, litt brattare helling, flatare, og so til med toppen. Eg treng litt moderat hardkøyr i dag og brukar Grytingen som treningsterreng. På toppen er det litt lettare vër, utsyn noko avgrensa av låge skyer, dimme og byger, mest mot sør og aust. God oversikt over kjende Hemsedalsfjell.
Mot Little Bighorn og Skogshornrekka
Mot Little Bighorn og Skogshornrekka
Her løna det seg å take av fellane, få ei skikkeleg utforkøyring mot Såta og gå glatt eit stykkje inn mot oppstiginga. Dermed vart vegen lagt lågt, mot sør og ikkje innunder Veslesåta. Oppstiginga gjev godt høve til å planleggje utforkøyringa. Eg gler meg til nokre litt brattare parti. Eg har pingla etter ankelulukka i Skjåk i fjor, prioritert langrennski framfor køyreutstyr og treng å utfordre meg sjølv.
På toppen er det draumeutsyn mot Skarvheimen, med forrevne fjell nord for Reineskarvet.
Jotunheimen kan eg ikkje sikkert sjå, og det har med Hemsedalsfjell, men og med skyer å gjere.
Det ser ut til å kome ei byge, og eg skundar meg av toppen. No kjem løna i form av mykje og god utforkøyring sørover. Eg har liten kontroll på navigasjonen i myrlendet og treff ikkje eiga løype før nokre hundre meter frå parkeringsplassen frå Nysetra.

Batteripleie i utforbakkene, Airbnb ovanfor Gol, og planlegging av morgondagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.