Endeleg Rust igjen (31.03.2024)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 30min
Distance 10.0km
Vertical meters 552m
GPS
Ascents Rustfjellet (1,166m) 31.03.2024

Endeleg ein dag denne påska som eigna seg til topptur! Det har snødd, sludda og regna tett i heile påskeveka, men første påskedag opprann slik ein påskedag skal vere. Tom og eg køyrde til Dammen og gjekk opp vanleg trase, eg med feller under fjellskia.Vi rasta på fast plass bak Rust, før vi gjekk opp til sjølve toppen. Sur vind der, men blankt rundskode.
På veg ned møtte vi svigerinne og nevø på randoski, dei ville køyre ned på framsida. Vi følgde same sporet tilbake på baksida. Tom gjekk på langrennski fordi han ikkje hadde pakka riktige fjellskistøvlar. Han strevde litt nedover og bar skia i fleire av dei brattaste partia.
10 km, 552 hm, 3 t og 30 borte inkludert matpause mm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.