Tverrbottinder og Tverrbytthorn (04.08.2023)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Start point Leirvassbu (1,417m)
Endpoint Leirvassbu (1,409m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 34min
Distance 17.1km
Vertical meters 1,683m
GPS
Ascents Midtre Tverrbottinden Nord (2,151m) 04.08.2023 08:00
Midtre Tverrbottinden Sør (2,106m) 04.08.2023 08:00
Store Tverrbottinden (2,161m) 04.08.2023 08:00
Søre Tverrbottinden (1,971m) 04.08.2023 08:00
Tverrbottinden V1 (2,113m) 04.08.2023 08:00
Vest for Tverrbottinden V1 (2,110m) 04.08.2023 08:00
Vest for Søre Tverrbottinden (1,946m) 04.08.2023 08:00
Tverrbytthornet (2,102m) 04.08.2023 08:00
Tverrbytthornet V0 (2,030m) 04.08.2023 08:00
Vestre Tverrbytthornet (2,035m) 04.08.2023 08:00

Tverrbottinder og Tverrbytthorn

2000 samling rundt Leirvassbu.


Etter ein sommar med mykje ymse vêr såg det ut til å åpne seg eit lite vêrvindauge i Jotunheimen.
Eg og Tonje køyrde frå Hornindal tidlig på morgonen med kurs mot Leirvassbu. Målet for dagen var Tverrbottinder, og fortsettelse mot Tverrbytthorn dersom tida og lysta var til stades.

Fra parkeringa ved Leirvassbu følgde vi vegen tilbake ned Leirdalen vell 1,5 km før vi tok av mot Leirløyfte. Det låg fortsatt ein tynn dis i dalen, men vi kunne skimte blå himmel over disen.


Stetinden, Gravdalstinden og og Storebjørn i skyene.
Stetinden, Gravdalstinden og og Storebjørn i skyene.
Store Tverrbottinden.
Store Tverrbottinden.

Etter rundt 2,5 timar sto vi på toppen av Vest for Vestre Tverrbottinden og kika over eggen til Vestre Tvettbottinden. Eggen såg luftig ut, men eg valde å klyve den. Tonje vart fort svimmel og snudde ganske fort. Ho følgde heller omgåelsen nede i søraust sida.
Eggen kjentes grei ut å følge på tørt føre, men det var litt ekkelt å klatre ned på enden mot Vestre. Ein del av taka på veg ned her kjentes litt lause ut.

I skaret nedanfor Vestre møtte eg Tonje igjen. Det siste partiet til Vestre var enkel gåing men med noko eksponering mot stup i nord.


Eggen frå Vest for Vestre Tverrbottind.
Eggen frå Vest for Vestre Tverrbottind.

Tilbake på Vest for Vestre blei det ei lita matpause. Fleire hadde no nådd toppen og ein av dei lurte på korleis vegen var vidare til Vestre. Eg svarte at det var nok greiast å trekke ned i sida da eggen var ganske luftig. Han ville spare høgdemeter, so valget fall på eggen. Like etter kunne vi høyre banning på Vossamål nede i sida: "Nei føy fa**, da va soppass ja" før han kom opp igjen og fulgte omgåelsen.


Turen fortsatte over Store Tverrbottinden og Midtre Tverrbottindane. Fra Store var det flott utsikt mot Bukkehøe, og på dei Midtre hadde vi panoramautikt mot toppane på Sognefjellet og tilbake til toppane vi kom ifrå.


Store Tverrbottind med Bukkehøe i bakgrunnen.
Store Tverrbottind med Bukkehøe i bakgrunnen.
Midtre Nord
Midtre Nord

På Midtre Sør møtte vi på igjen karen vi hadde snakka med på dagens første topp. Klokka var fortsatt berre ett og dagen var endå ung. Vi valde å slå følge vidare for å prøve å finne traversen over til Tverrbytthornet.

Det blei ein del opp og nedklyving langs ryggen, men vi fant etter kvart den rustraude hylla som skal være vegen rundt ein uframkommelig hammar. Vi passerte hylla og endte vidare opp med å passere på nedsida av Vestre Tverrbytthornet før vi kløyv opp på ryggen. Det var mykje laus stein og ulendt terreng her, men vi kom oss greit fram.



Vi forlot her vår følgesvenn som ikkje var interessert i ein småtopp med primærfaktor på kun 20 meter. Tonje var også begynt å bli sliten, so ho tok seg ein velfortjent kvil her medan eg fortsatte til Vestre Tverrbytthorn åleine.

På veg ut følgde eg ei noko laus side på nordsida av ryggen. Tilbake fulgde eg toppen av ryggen, noko som krevde litt meir klyving. Turen fram og tilbake tok knappe 10 minutt.


Vestre Tverrbytthornet.
Vestre Tverrbytthornet.
Tverrbytthornet.
Tverrbytthornet.

Vêret var no virkeleg begynt å klarne opp, og turen opp ryggen mot Tverrbytthornet baud på solsteik og artig klyving. Fra toppen kunne vi nyte utsikt mot Hurrungane i vest, Hellstugutinder i aust og Kyrkja rett på andre sida av Kyrkjeglupen.



Returen gikk ned til Kyrkjeglupen og ut til Leirvassbu. Vi var tilbake ved bilen etter rundt 10,5 timar på tur.


Tonje med Kyrkja i bakgrunnen.
Tonje med Kyrkja i bakgrunnen.

Takk for turen!


Start date 04.08.2023 06:58
(UTC+01:00)
End date 04.08.2023 17:32
(UTC+01:00)
Total Time 10h 34min
Moving Time 7h 22min
Stopped Time 3h 11min
Overall Average 1.6km/h
Moving Average 2.3km/h
Distance 17.1km
Vertical meters 1,683m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.