14.9 km fjelltur til Austre og Vestre Roholtfjell 1017 moh (10.09.2023)  6

Geschrieben von josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 41min
Entfernung 14,2km
Höhenmeter 910m
GPS
Besteigungen Vestre Roholtfjell (1.017m) 10.09.2023
Austre Roholtfjell (1.005m) 10.09.2023
Roholtfjellet sørøst (984m) 10.09.2023 09:57
Besuche anderer PBE Heia p-plass (371m) 10.09.2023 09:57

Flott helg i Telemark saman med Lisbeth!

Vi køyrde heimanfrå på laurdag morgon.
På vegen var vi innom Kviteseidbyen og fekk oss ein solid frokost med karbonade og egg før vi køyrde vidare til Hauggrend som var utgangspunktet for fjellturen til Roan:

11.3 km fjelltur til Roan 1191 moh

Vi åt ein veldig god middag med deilig dessert på Dalen Bryggjekafé etter turen til Roan på laurdag.

Overnatting på Åmdals verk fra laurdag til søndag.
Det blei ikkje tid til å besøkje Åmdals verk gruver


På søndag morgon køyrde vi til Vrådal og vidare til Heia p-plass der stien startar til Austre Roholtfjell

Dette er ein skikkelig kremtopp!
Det vil seie to kremtoppar sidan vi gjekk opp på både Austre og Vestre.

Og været var i tillegg fantastisk! Sol og varmt.
Då vi køyrde forbi Notodden på veg heim seinare på dagen viste temperaturmålaren i bilen 26 varmegrader!

Fyrste delen av turen gjekk på godt merka og fin sti med jevn stigning gjennom furuskogen.
Etter kvart kunne vi sjå den flotte toppen med dei glattskurte berga i det fjerne.

Vi stoppa ved Presttjønn der vi åt frokost.
Det var spegelblankt på vatnet og ikkje ein lyd.
Kun nokre rumpetroll som klekte i vatnet, og augestikkarar som surra rundt i lufta var det vi kunne sjå av liv.

Vidare oppover Såtedalen blei det brattare og brattare.
Då vi nærma oss fjellet gjekk stien over på bart fjell, og eg valgte å gå rett opp på det tørre berget, medan Lisbeth gjekk på den meir skjerma stien der det var vegetasjon.

Det var godt feste på fjellet, so det kan anbefalast når det er tørt.

I skaret under fjellet var det ganske bratt, og frå enden av skaret mot toppen av Austre Roholtfjell blei det lett klyving, der det var hengt opp tau eit par korte parti for den som tør å stole på slike hjelpemiddel av ukjent kvalitet.

Utsikta frå toppen er vid; det er fjell og vatn so langt ein kan sjå. Nisser, Vråvatn, Brokefjell, Fageriheii, Sveinsheii, Lifjell, Brattefjell, Gaustatoppen osv... osv...

Det blei berre ein kort stopp, med litt drikke og fotografering før vi gjekk vestover ryggen som bøygde seg nedover mot skardet mellom Austre og Vestre.

Mot sør var det luftig, og det var spennande å sjå om det var farbar veg vidare vestover langs egga. Og det var det. Heldigvis. Ryggen er bratt, men ikkje verre enn at friksjonen mellom skoa og fjellet var akkurat god nok til å hindre at vi sklei ukontrollert nedover. Likevel, det var ei herlig og spanande kjensle å spasere nedover denne egga. Dette går nok ikkje på vått føre!

Frå vatnet i botnen av skardet mellom Austre og Vestre fann vi oss ein bratt sti oppover.
Her var det lyng og busker som hadde funne ly og feste.
Mot toppen blei det meir og meir bart fjell.

Utsikta var like bra her, men selvfølgelig betre vestover.
Vi fann oss ein perfekt benk laga av naturen sjølv rett inn i berget litt nedanfor varden.
Her blei nistematen fortært medan vi kunne nyte utsikta sørover blant anna mot Vråvatn og Nisser.

På vegen ned fulgte vi den merka stien som går bratt ned søraustover. Her også var det litt spanande. Når ein går i fjellet kan ein ofte bli overraska over at det verkeleg er mulig at det skal gå ein farbar sti akkurat her. Dette var ein slik sti.

Vidare fulgte vi kanten på bart fjell oppover til den søraustre toppen, før vi returnerte omlag den same veien som vi kom opp. Men no valgte eg å på stien på utsida av bart fjell. Her var det litt moldete og møkkete.

Dette var ein fantastisk flott tur!
Landskapet er fascinerande og det er herlig å gå på fast fjell.
Det kan ikkje bli betre enn dette!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.