Leirhøe og Glittertind ++ (21.04.2023)  6

Written by HaraldH (Harald Hegge) GSM

Duration 7h 52min
Distance 34.7km
Vertical meters 2,981m
GPS
Ascents Skauthøe (1,993m) 21.04.2023 09:30
Nordøst for Spiterhøe (2,009m) 21.04.2023 11:22
Spiterhøe (2,033m) 21.04.2023 11:31
Leirhøe Nord (2,077m) 21.04.2023 12:09
Leirhøe (2,330m) 21.04.2023 13:05
Glitter-Rundhøe (2,089m) 21.04.2023 15:05
Glittertinden (2,452m) 21.04.2023 16:16
Vestre Glittertindoksle (2,251m) 21.04.2023 16:43
Sør for Vestre Glittertindoksle (2,253m) 21.04.2023 16:43

Nydelig solo-tur med start frå Visdalen. Tanken var å gå til Leirhøe over Skauthøe og Spiterhøe, med dei to sekundærtoppane på PF 10 lista. Hadde eit par alternative ruter vidare, så tok derfor med både isøks og stegjern. Fekk ikkje bruk for dette.
Starta å gå 09.30 på panserskare opp første bratta på snaut 400hm. Flott med skarejern opp her.
Når eg runda opp på ryggen vart det laus snø på nordsida. Grei motbakke til Skauthøe. Sklei ned i skaret mot Spiterhøe uten å ta av fellene - ikkje mange HM ned her.
Grei skuring innom Spiterhøene. Av med feller, og ein liten ak ned i skaret mot Leirhøe.
Her venta ein drøy motbakke på ca 400 hm (?). Fin snø her! Det flata ut mot topp-punktet, og her var det fantastisk fint! Nådde Leirhøe etter ca 3,5 time. Vindstille og varmt. Hadde ein halvtimes pause her, med lunsj og nydelig utsikt. Flott utsikt mot Store Memurutind. Vurderte å fortsette bortover, og ned i Veo-skaret, men hadde også tenkt på Glittertind, som eg heller ikkje hadde vore på før. Bestemte meg for å dra ned på Skautflye, og satse på Glittertind.
Hadde sett meg ut ruta ned frå Leirhøe Nord på tur opp. Nydelig, laus snø ned til Leirhøe Nord, og vidare ned i dalen. Litt slushete nederst mot Skautflye. Vurderte Ryggjehøe, men skjønte fort at dette vart langt nok likevel! Eg kunne jo vurdere Glittertind-oksle (aust eller vest) om eg hadde tid og energi. Sikta meg derfor opp mot Glitter-Rundhøe. I stigningen opp til Glitter-Høe såg eg dei tre einaste personane eg såg på heile turen - desse var langt foran meg i stigningen her, og dei sikta seg mot skaret mellom Veopallen og Ryggjehøe. I stigningen opp til Glitter-Rundhøe var det varmt - skulle nesten ønske det var litt trekk i lufta! Eg begynte å kjenne på at eg hadde vore ei stund på tur, og at det fortsatt var nesten 400hm frå Glitter-Rundhøe til Glittertind. Stigningen opp til Glittertind vart ein liten prøvelse - bratt og fortsatt utruleg varmt. Drog opp erma på supertrøya, men gløymde heilt av å smøre med solkremen. Bør hugse det neste gong! Satsa på å gå 50 hm mellom småpausene, men sjølv det vart for "langt" - gikk over til å styre tempo mot puls så gjekk det langt bedre, og bakken vart forsert utan nokon utfordringar. Er nok ei fin nedkjøring denne ruta her, og ut "dalen" mellom Glittertind og Glitter-Rundhøe - litt bratt nederst, men ser fint ut. Når eg nådde toppen av Glittertind var det uaktuelt å dra ned på Austra Glittertind-oksle. Satsa derfor på okslene mot Vest. Herlig kald snø ned til desse. Hadde sett for meg at fellene ikkje trengte på att no, men såg at det vart motbakke att mot nedkjøringa eg hadde sett meg ut. Fint utsyn mot nordstupet på Glittertind herifrå.
Akkurat i det eg kom opp på Vestre Glittertindoksle, sette ein gjeng utfor frå Trollsteinegg-ryggen og ned mot Grjotbrean - dette såg ut til å være bratt, men fin kjøring! Gikk litt oppatt for å komme inn i renna sør for Glitteroksle. Litt spent på kor bratt denne var. Men på slush-føret som var nå, var denne fantastisk! Litt "half-pipe"-feeling over denne renna.
Nedover frå bunn av renna var det ganske flatt, og måtte skøyte / stake litt over dei flataste partiet, var også eit par parti med nokon små motbakkar. Fulgte ca den kvista løypa nedover mot bilen, før eg sleppte meg ned dei siste høgdemeterane i nydelig slush.

Oppsummert - ein fantastisk langtur i nydeleg vær!

User comments

  • -
    avatar

    For en tur

    Written by mortenh 23.04.2023 20:34

    Gjorde noe ligendne en gang, eller dvs. ikke lignende, for det var bare over Leirhøene. Imponert over formen, driven og turene dine. Håper du har noen lavere gir tilgjengelig for turer med gamlinger :-)

    • -
      avatar

      Sv: For en tur

      Written by HaraldH 23.04.2023 21:11

      Takk for det :)

      Lavere gir er tilgjengelig, men ikke noe særlig høyere :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.