Styggehøe (28.08.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 9h 43min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,220m
GPS
Ascents Styggehøe Ø2 (2,180m) 28.08.2021 14:30
Styggehøe Øst (2,200m) 28.08.2021 14:42
Styggehøe (2,213m) 28.08.2021 15:07

Fantastisk turdag til storfjellet Styggehøe. Ikonet ved Spiterstulen. Dette året ausar på med godver langt utpå seinsommeren. Så då er det berre å forsyne seg. Plan var eigentleg Spiterhøe med nogot åttåt. Men Styggehøe berre freista meir i det vi kom opp fredag sein ettermiddag. Fann ein fin stad å losjere med bubilen 1,25 km før Spiterstulen. Starta på asfalt i skugge laurdag. Grei transport inn slake vide Visdalen. Etter vel tre km frå Spiterstulen, på hengebru over Visa ved eit elvegjel. Då var det å finne ein god oppgang til fjellet. Skrådde opp lia, prøvde å unngå vier. Opp før Bukkeholsbekken, som meir er for eit elveløp å rekne. Fann ei grei rute opp til Bukkeholet, og platået under fjelltoppane. Valde å halde til høgre for å komme opp ryggen mot fyrste topp. Gikk fint, men vi kunne ha teke opp litt seinare og lenger nord. Litt laust, men stort sett ei grei ur med noko klyving. Utsikta då vi var oppe på ca. 2000 m, og snudde oss var flott. Så lett stigande ur mot fyrste topp. Fantastisk utsikt på stup-kant rett under toppen. Sikt mot Galdhø-massivet, brear og kvasse fjellryggen opp mot fyrste topp. Lett terreng vidare langs fjellkanten på ca 2200 moh. Topp 2 hadde stor varde og 15 i primerfaktor. Her nådde to fjellglade kvinner oss att. Vi veksla nokre ord. Så vidare til hovudtoppen. Stup ned og fantastisk utsikt til tindar og brear. Vi hadde vurdert vidare til to toppar noko lægre mot Bukkeholsbrean. Kvass egg ned dit. Marita sleit med vonde tær, og det vart egentlig lang nok tur som det var. Fotopause og vidsyn ei stund på toppen. Så var det å finne ei grei rute ned ura, som var merka med gul boble, som betyr laus ur. Det gikk greitt med forsiktigheit. Vi heldt ganske rett ned, og det verka noko mindre bratt her enn ruta vi nytta opp. Ein liten pause her ved Bukkeholet. Nydeleg fin vegetasjon her med ismett av skarp grønfarge. Og flott sikt mot bre og sag-tagga Bukkeholstindar. Så bar det nedatt dei bratte skrentane på nordsida av Bukkeholsbekken. Ei litt meir direkte rute ned til å byrje med, samt meir på rygg ned for å sleppe ur-felt. Veldig godt no når terrenget flata ut. Transportetappe i fint ettermiddagslys ned Visdalen mot Spiterstulen. Godt å komme i bubilen, dusje, sjå bilder og mimre frå turen. Godt med kald drikke og. Turen gav oss mange vakre fjell- og natur-inntrykk. Styggehøe var eit pent og godt fjell.

Styggehøe i klårt morgonlys.
Styggehøe i klårt morgonlys.
Hellestugutindar, Semeltinden og Urdadalstindar.
Hellestugutindar, Semeltinden og Urdadalstindar.
Styggehøe, høgste topp til venstre i biletet.
Styggehøe, høgste topp til venstre i biletet.
Toppunktet på Styggehøe.
Toppunktet på Styggehøe.
Tverråtindane og Galdhøpiggen bakanfor.
Tverråtindane og Galdhøpiggen bakanfor.
Nordveggen sett frå under fortoppen.
Nordveggen sett frå under fortoppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.