Storskrymten (30.08.2014)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 8h 34min
Distance 35.3km
Vertical meters 1,508m
GPS
Ascents Storskrymten (1,985m) 30.08.2014

Eg hadde bestemt meg for 2 nye fylkestopper denne helga, Storskrymten( Sør-Trøndelag) og Pyttegga(Møre og Romsdal).
Det ville naturligvis bli ein lang biltur på ei helg. Eg var innstilt på å ta turen aleine, men nevnte planen for Glenn. Han var klar for nye turer og ville være med. Me planla og ta turen på Storskrymten først. Me kjørte heimifra fredag etter jobb via Voss, Årdal, Tindefjellsveien, Sognefjellet, Dombås og videre i retning Lesja. Ca 3km før Lesja tok me av mot Sjong og Skamsdalen. Denne bomvegen(kr 100) kjørte me innover til Skamsdalsætrin. Ca kl 0100 hadde me fått opp telt og komt i posen.

Storskrymten:

Kl 08 neste morgen hadde me fått i oss mat, pakka sekker og var klare til å ta turen mot Storskrymten. Det var 30 biler parkert her, og tydelig at reinsjakta var i gang. Me hadde sykler med i bilen og ville sjå om me kunne sykle innover stien. Stien var ikkje egna for sykling og syklane vart rask parkert. Det var overskya men ellers fint vær. Me fulgte stien innover dalen til Lesjøhytta og videre på vestsida av Lesjøen. Langs stien videre til den delte seg, og herfra forlot me stien og satte kursen rett mot toppen. Me tok ein pause og litt mat ved foten av fjellet, før me fulgte sørryggen til topps på Storskrymten. Skodda låg nedover toppen og me fekk ingen utsikt. Returen gjekk samme vei.
Ved Lesjøhytta traff me ein oppsynsmann som me slo av ein prat med. Han kunne fortelle at det stod ein liten flokk moskus ikkje so langt fra stien me hadde fulgt. Ein kunne sjå dyra i kikkert. Han fortalte og litt om fjellreven og jerven i område, samt om gode fiskevatn. Me takka for praten og fortsatte nedover.
Glenn sleit med ein vond achilles og på returen vart denne gradvis verre. Tilbake til bilen kl 1630. Det vart ein bra tur på ca 35km og me brukte 8t 40min. Me bestemte oss for å kjøre til Tunga, som er utgangspunktet for morgendagens mål, Pyttegga. Planen var å pakke telt og utstyr i sekkane og starte å gå mot Pyttbua i dag sånn at me fekk ein kortare tur i morgo, da det også venta ein lang biltur heimover. Foten til Glenn var ikkje bra og me vart enige om å kjøre mot Pyttbua og sjå det an. Tilbake på hovedveien fortsatte me da i retning Åndalsnes. Ved Bjorli tok me ein stopp og kjøpte pizza og slappa litt av. Fra Bjorli fortsatte me ca 4km før me tok av til venstre mot Brøstdalen. Etter ca 3,5km kom me også her til ein bomveg(kr 50). Me fortsatte på bomvegen inn til parkering ved Tunga. Her var og mykje biler og me traff nokre turfolk som kunne fortelle at det var fullt på Pyttbua.
Glenn fekk ikkje til å gå i fjellskoa, men ville prøve med joggesko. Me pakka telt, utstyr og mat i sekkane og begynte å gå innover stien mot Pyttbua. Etter ca 7km begynte det å bli mørkt, og me fant ein flott teltplass og slo leir. Det hadde gått ganske greit med foten til Glenn og han var optimistisk for morgendagen. Me hadde no eit flott utgangspunkt for neste dag, og bestemte oss for å ta oss litt tid neste morgen før me la av gårde. Da var det berre å krype i posen, og det var godt å strekke seg ut etter ca 42km denne dagen.

Pyttegga:

Me vakna til strålande vær og det var verkelig flott her innerst i Puttbudalen. Me tok oss god tid på morningen. Det var flott å ligge i lyngen i dette godværet og nyte kaffien. Fra telta kunne me og sjå toppen på Pyttegga. Klokka vart 0940 før me kom oss av gårde. Me rusla innover og passerte Pyttbua og fortsatte på god sti mot Pyttegga. Glenn sleit skikkelig med achillesen og det vart ein del stopp for å prøve med bandasje og tape. Stien gjekk litt på sørsida av høyde 1511. På ca 1500m forsvant stien, men no var det berre å følgje ryggen mot toppen. Det var også bra med varder heile veien oppe på ryggen. Glenn var fast bestemt på å komme seg til topps. Eg gjekk i forveien opp til toppen. Det var skikkelig flott utsikt fra toppen, spesielt flott var det nordover mot Trolltindane i Romsdalen men det var også mange andre flotte tinder og fjell. Denne toppen kjem høgt opp på lista over utsiktstopper for min del. Me hadde ein god pause på toppen og nytte utsikten. På returen fulgte me ryggen heile veien øst mot høyde 1511 og ned igjen på stien. Herfra samme vei tilbake til telta. Me pakka raskt samme og fortsatte tilbake til bilen. Glenn måtte ta det litt med ro pga foten og eg gjekk og småjogga i forveien. Det var godt å være tilbake til bilen. Det vart 23,5 km i dag og totaltid 6t 15min. Det var godt å få av svette klær og få seg ein frisk kattevask i den kalde elva. Me hadde og to kalde pepsi max liggande her. Me tok oss litt mat før me satte oss i bilen. No venta 7,5t i bil heimover. Me var heime ved midnatt. Ei effektiv helg og 2 nye fylkestopper er i boks.
Bilder Storskrymten: http://www.utifriluft.com/Norges-fylkestopper/Storskrymten-S%C3%B8rTr%C3%B8ndelag/
Bilder Pyttegga: http://www.utifriluft.com/Norges-fylkestopper/Pyttegga-Møre-og-Romsdal/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.