Blåfjellet med fleire (11.05.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 52min
Distanse 5,6km
Høydemeter 455m
GPS
Bestigninger Blåfjellet på Vågsøy (470moh) 11.05.2024 12:05
Rysten (432moh) 11.05.2024 12:23
Vardefjellet (284moh) 11.05.2024 12:48

Tur to på delvis merka sti. Følgde sti mot Melnyken. Lett til fjellfoten. Ganske bratt etter kvart opp ryggen. Småluftig på nokre hyller, men ikkje vanskeleg. Oppå ryggen følgde eg stien nokre hundre meter, før ned til vatn. Så i mjukt sugande mose/lyng/gras-terreng mot toppen til Blåfjell. Nydeleg utsikt til Kvalheim, havet, og fjellryggar med stup. Så gikk eg mot Rysten, med halveges plan om å nedatt ved stadion på Raudeberg. Slik vart det. Spurte på mobil om Marita ville køyre bubilen ned frå fjellet, noko ho ville. Ho kan desverre ikkje gå med meg for tida med dårlige kne, og f.t. på krykker. Bort til Rysten gikk det lett og greitt, sett bort frå eit lite myr-plomp. Frå Rysten var det sti mot Vardefjell, og i skaret ved det innteikna fleire stiar ned. Gikk oppom Vardefjell, då eg var nær det. Derifrå litt strev å finne att sti. Og den stien på ryggen nedatt var rotete og blaut. Ikkje merka her. Men ein kjem da ned. Svært vakkert å gå oppå fjellet her med nydeleg utsikt til Kvalheim og havs, og baksida på Veten og Brurahornet. Som frå denne sida er svarte dramatiske fjell, medan snillare frå Måløy-sida. Finfin tur to i dag.

Vakre Kvalheim.
Vakre Kvalheim.
Mot Blåfjellet.
Mot Blåfjellet.
Blåfjellet.
Blåfjellet.
Utsikt frå Blåfjellet.
Utsikt frå Blåfjellet.
Kvalheim.
Kvalheim.
Vestsida av Veten. Mykje nytta turmål frå Måløy.
Vestsida av Veten. Mykje nytta turmål frå Måløy.
Vestsida av Brurahornet.
Vestsida av Brurahornet.
På Rysten.
På Rysten.
Tilbake mot Rysten, frå skaret mellom Vardefjellet og Rysten.
Tilbake mot Rysten, frå skaret mellom Vardefjellet og Rysten.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.