Hustveitsåta på ski frå Hustveit (21.04.2024)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Hustveitsåta (1187moh) 21.04.2024

På mange måtar kopi av turen frå i fjor vår, bare at me hadde perlever denne gangen. Bar skia til oppunder høyløa på om lag 400moh, så var det flott skiføre resten av turen. Som i fjor gjekk me opp Fagradalen etter Øvrastølsvatnet og så småbratt opp draget som leier opp på toppryggen om lag ved 900m-koten. Men før me kom heilt opp på ryggen vart det mat- og kaffipause i den sørvende solveggen like nedanfor.

Endeleg oppe ved første/nedste brua, og utsikten åpnar seg til topps
Endeleg oppe ved første/nedste brua, og utsikten åpnar seg til topps
Mot Vårstølsvatnet
Mot Vårstølsvatnet
Ved Jonestølen og Stølsvatnet
Ved Jonestølen og Stølsvatnet
I kanten av Øvrastølsvatnet med turmålet beint imot
I kanten av Øvrastølsvatnet med turmålet beint imot
Matpause i solveggen på knapt 900moh
Matpause i solveggen på knapt 900moh

Vel oppe på toppryggen gjekk dei siste seige 300 hm til topps på vekselvis vindpolert skare og fokksnø, tidvis med kraftig bølgemønster (kalla «båreskjelta» i Ryfylke). Det var nok vinden dagen før som hadde herja med det vesle som hadde kome av nysnø. Så toppa me ut saman med ein handfull andre som hadde kome opp frå Svandalen og kunne gratulera kvarandre med dagen og dei fine forholda. Ikkje ei sky og knapt eit vindpust på 1187moh er ikkje kvardagskost, og med kjende toppar og landskap på alle kantar var det sjølvsagt høg stemning.

Oppe på toppryggen får me utsikt mot Vardanuten og Storavatnet
Oppe på toppryggen får me utsikt mot Vardanuten og Storavatnet
Siste etappe før toppen får me utsikt mot Sauda. Kjempene Kyrkjenuten, Tindane og Skaulen dannar celeber bakgrunn
Siste etappe før toppen får me utsikt mot Sauda. Kjempene Kyrkjenuten, Tindane og Skaulen dannar celeber bakgrunn
Kvitt og blått heile vegen rundt!
Kvitt og blått heile vegen rundt!
Fornøgd kvartett på Hustveitsåta!
Fornøgd kvartett på Hustveitsåta!
Utsikt mot Sand og Lovrafjorden
Utsikt mot Sand og Lovrafjorden

Sidan eg hadde ein avtale same ettermiddagen vart det ikkje tid til lange pausen på toppen, men det vart ein fin retur same vegen som me kom opp. Om lag 1000 hm og 5 ½ timar vårskitur av beste merke.

Nedrenn med utsikt mot Øvrastølsvatnet
Nedrenn med utsikt mot Øvrastølsvatnet
Ved øvste brua klukkar det av vårlydar
Ved øvste brua klukkar det av vårlydar

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.