Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lundavarden

Date:
28.04.2023
Distance:
5.3km

Etter nokre månedar med mykje jobbing var det i dag endelig anledning til ein kvardagstur. Vart skibæring eit stykke, men så var det berre å trokle seg oppover mot Orheimsbotnen. Dei siste dagane med kaldt vær og nedbør hadde gitt 10-20 cm nysnø på gammal skare, og i høgda var denne tørr. Fine trygge forhold, så i dag var dagen for linja ned frå Nobba. Var jo litt spennande ned skavlen då, sidan eg ikkje visste kor mykje styresnø det var på skaren. Men det gikk veldig fint, så då var det berre å svosje seg ned bakkane!

Map    

Røyrhusnibba

Date:
16.04.2023

Dag to på topphyttetur i Hjørundfjorden. Etter gårsdagens stortur til Urkedalstind tok turfølget i dag sikte på ein litt kortare tur. Valet fall på Røyrhusnibba. Nedkøyringa her var vestvendt, så vi kunne få tid til god frokost og utvasking før avgang. Bonden på Røyrhus kunne fortelje at han var slaktar for Ringdal, og laga den svært gode "Alpepølsa" som er ei personlig favoritt på skjeva. Eit godt utgangspunkt der altså. Vi svinga oss rundt på nordsida av Røyrhusnibba, og kryssa oss opp henget på nordvestsida. Smæsjing på toppen - sat nok her ein times tid. Nedkøyringa var enda bedre enn gårsdagens. Eg har ikkje gjort veldig mykje bratt-ish køyring, men no var eg jo på tur med fleire brattentusiastar, så då måtte eg jo prøve meg. Bra driv ned heile flanken. >>>

Map    

Urkedalstinden: kremtoppalarm!

Date:
15.04.2023
Distance:
11.6km

Denne helga vart eg brått invitert på hyttetur saman med ein heil gjeng til Øye for topptur. Det var pansermeldingar, og helga var brått good to go, så her var det berre å slå til. Verten var Henrik Koi, som eg nett hadde vorte kjend med gjennom stiftinga av Stad MDG, så dette var jo ei glimrande anledning til å styrke partisamhaldet. Då eg dukka opp fredag kveld hadde gjengen allereie vore på Slogen, og var særs nøgde. Etter grillmat og god stemning byrja diskusjonane om morgendagens tur. Då Urkedalstinden kom opp vart eg særs interessert. Denne gromtoppen har stått på lista mi lenge. Å endelig få gått ein av desse kremtoppane på vinterføre var særs attråverdig. Neste morgen var heile følget på 12 medium raskt ut av startblokka. Sola steikte på dei store snøflankane. >>>

Map     7 comments

Lisjeblåfjellet

Date:
07.04.2023

Map    

Gråhøgda

Date:
04.04.2023

Map    

Gråhøgda

Date:
03.04.2023

Map     2 comments

Fjellkirka

Date:
02.04.2023
Characteristic:
Ski trip
Distance:
8.0km

Påskeweekend på Røros med familyen. Strålande vær og fin tur til Fjellkirka med Eskil i storform.

Map