Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Gyrinakken og heida

Date:
23.12.2022
Characteristic:
Jogging

Ein liten tur med ved og julegåver på vesle julafta - og då vart det tid til ein beinstrekk på to sunnmørske kremtoppar. Dette er vel første gong eg har tenkt at truger kunne hatt noko føre seg, men vart altså solid treningsutbytte til tross for beskjedne turmål. Deretter trivelig julestemning i Ulsteinvik før retur til Stårheim i eit voldsomt snøvær. Skiføre i sunnmørsfjella no altså! God jul!

Map    

Holvikfossen

Date:
16.12.2022
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
2:53h

Holvikfossen er eit flott fall som ligg rett ovanfor Sandane sentrum, lett synlig frå Firda Gymnas. Allereie i fjord såg at at denne fraus overraskande fort. Så då vart det jo svært fristande å få klatra denne saken. Starten av desember hadde vore svært kald, og alt som kunne krype og gå av islijer var inne. Lokal hardman Erlend Aunevik var gira på ein tur denne fredagen, og eg hoppa i støvlane på Firda etter undervisning klokka 10. Vi gikk frå parkeringa 10 min etterpå. Effektivt der altså! Det viste seg at Erlend allereie hadde vore opp fossen to gonger dei siste dagane. Eg tok første lengde, og tok ei fin linje på høgre sida. Hard is gjorde at eg søkte mot den våtare delen midt på. Vart kanskje 30m med vedvarande WI3 (om det gir meining). To år sidan eg leda noko å snakke >>>

Map    

Isklatring på Grodås

Date:
12.12.2022
Characteristic:
Ice climbing

Tur ut på isen i kulden. Fekk med Marius som ikkje hadde prøvd isklatring før, og gikk for fossen i lia ovanfor Grodås sentrum. Denne hadde eg sett på på veg til Gullkoppen tidligare. Trudde det var den ein såg frå E39, men det viste seg å vere feil. Er altså to fossar i Kikhornselva - og dette var den øverste. Fossen var feit og fin, og gav 10-12 meter med max WI3. Behagelig start på sesongen der altså - hadde kanskje vore kjekt med litt meir utfordring. Men vi fikk ei effektiv økt med litt lapsing før Marius skulle på kveldsvakt. Ein fin lett foss som passar bra for topptauing og enkel leding. Lett tilgjengelig frå brua rett før Kirkhornssætra, ca 20 min gange frå parkeringa.

Map    

Mørkets hemmeligheter

Date:
04.12.2022
Characteristic:
Walk

Lundavarden stimerking

Date:
02.12.2022

Map