Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Felden, Klakken og Lisjetoren

Date:
30.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.8km

Felden har stått på ønskelista ei stund. Kanskje litt for lenge ettersom den er rett i nabolaget. Vel, slik er det når ein har for mykje å velge mellom. Med det flotte haustværet kunne ein ikkje sitte på heimekontoret og slite hol i buksebaken. Her måtte det bli tur! Felden er jo eit mystisk fjell på fleire måtar. Det stikk seg fram både her og der - klassisk signaltopp. Fleire har lagt merke til dette. Det skal ha foregått diverse ritualer her oppe på det som skulle vere Odin sitt fjell. Tor har jo fått to fjell i dette dalføret, og Frøya eit (Frøhornet). Det er ruinar etter ei steinhytte som visst nok skulle vere åstaden for æse-rituale her oppe. Heksene stoppa visst her på veg til blokksberg - fine landingsforhold på den slette toppen. I tillegg er det eit monogram for >>>

Map    

Haugsvarden

Date:
20.09.2022
Characteristic:
Jogging

Map    

Dobbel kremtind: Klovetindane og Rognestøyltindane

Date:
10.09.2022
Characteristic:
Alpine climbing
Distance:
7.8km

Hausten slo til med knallvær etter ein begredelig sommar, og alle prosjekta vi ikkje fekk gjennomført i sommar kunne no få ein ny sjangse. Eg og Kroksleiven hadde ikkje samla oss til ein einaste fellestur heile sommaren, og det var ikkje berre grunna været. Planar, derimot, hadde vi rikelig av. Ein av desse var Klovetinden i Kvistadalen. Denne har jo fått ein viss status etter at den hamna på lista over Noregs 10 vanskeligaste tindar . Denne lista gjekk etter vanskeligaste klatrepunkt på enklaste veg. Sidan Klovtinden har klatring på 4-talet enklaste veg opp (og dette er faktisk ikkje så innmari vanlig sidan det ofte går an å lure seg ein veg opp på dei fleste fjell) så hamna den på lista. Når det er sagt er ikkje klatringa særlig lang, og tinden er relativt lett tilgjengelig. Så ein kan argumentere for at >>>

Map     2 comments

Toppar rundt Traudalen

Date:
08.09.2022
Distance:
24.0km

Etter-jobb-tur til nokon av dei meir eksotiske toppane på Gloppen-lista. Prøvde å holde litt tempo heile dagen for trimmen sin del - intill eg tempoet brått fekk seg ein brems. Men meir om det seinare. Fint innover langs Traudalsvatnet og Instevatnet. Deretter litt diverse opp Ljoren. Fann ei grei rute vidare gjennom litt rotete terreng. Litt lett klyving her og der. Traff ein flokk sauder på Botnafjellet. Deretter strake vegen til Breidalsegga, 11 km gange frå start. Litt drygt der altså. Tok ei skjeve og såg på utsikta. Så ganske strake vegen ned til Styggevatna, som er skilt av ein liten bekk og ca halvmeteren i høgdeforskjel, og så grei oppstiging til Vidstøylsegga. Godt med litt molter å styrke seg på opp her. Ny skjeve på toppen, så vidare mot Svineryggen. Byrja å kjenne >>>

Map    

Lisje blåfjellet og Lundavarden

Date:
05.09.2022

Map    

Helgehornet

Date:
03.09.2022

Farfar og Farmor slo fram på om tur ein stad mellom Ulsteinvik og Stårheim. Var dette dagen eg endelig skulle få ticka av Helgehornet? Ja det var visst det. Super tur med ungane, som var i storslag. Satt lenge på toppen og såg på utsikta, som kanskje er det likaste med denne turen. Avslutta med pannekaker på Treet i Volda. Tipp topp!

Map