Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Multisporthelg i Førdsdalen

Date:
29.05.2021

I desse innanrikstider er det ikkje alle forunt å ha sitt næraste ferieland rett over fjorden. Men det har altså vi, og det heiter Ålfoten. Eit forjetta land der ørreten vakar, hjorten er tam breane breier seg over 400.000.000 år gammal sandstein (ja nettopp - vi snakkar Devon), og det er så mange buldresteinar ein kan drøyme om. Så det var klart at Førdsdalen i Ålfoten var helgas program - saman med to andre familiar. Vigdis og Asgeir med tre unge lovande, og Bjørn Tore og Katrine med sine tre. Avgang fredag ettermiddag, og heim søndag. Hu og hei! Grunna litt hastepakking og ei førestilling om at vi måtte ta beina fatt før vi kunne slå opp teltet, pakka vi relativt lett (sikkert under 100 kg samla). På ferga var det klart at vi hadde vorte slått ned i støvlane. Bjørn Tore >>>

Map    

Eg har vore meg ein tur på Troda!

Date:
28.05.2021
Distance:
15.6km

Slår du opp i Opptur står det at Davikarar gjerne har vore seg ein tur på Troda. Og det kan eg godt forstå, for dette er ein riktig så flott topp. Så når Maike spurte om eg ville vere med på fjelltur på tenkte eg at det er jo ei skam å ikkje gå på tur på ein så fin dag. Men vi skulle på telttur på ettermiddagen, og eg skulle pakke, handle etc etc. Sist telttur gikk pakkinga litt for raskt, og då vi enda opp med mykje rart i bagasjen. Men det tar jo ikkje så lang tid å kome seg på Troda? Sommaren har kome i fullt monn, og her var det berre å forbrede seg på hetetokter. Etter å ha køyrt opp bomvegen, som forøvrig ikkje anbefalast i veldig stor grad - bratte greier, var det berre å legge i veg opp finværsbakkane. Og ganske riktig, etter rimelig tid var vi på toppen. >>>

Map    

Lundavarden

Date:
25.05.2021

Lundavarden

Date:
20.05.2021
Map    

Nf metodekurs klatring

Date:
16.05.2021
Characteristic:
Climbing

Denne helga var det duka for metodekurs klatring med Endre Vonheim frå Norgesguidane. Deltakarar var Torbjørn, som hadde organisert sakene, og meg og Kjartan. Dette vart fire dagar fullpakka av praktisk læring, der vi stort sett hang i selen og tenkte som det knaka på tausystem heile dagen - med Endre si lavmælte men svært kyndige vegledning. Når været også spelte på lag så vart dette ei knallhelg! Programmet var som følger. Dag 1. Sikringsplasseringar, standplass og rapell. Gamle øvstefeltet i Austefjorden. Dag 2. Taulagsrutiner over fleire lengder. Nestefeltet i Austefjorden. Dag 3. Kameratredning. Haus klatrefelt, Nordfjord. Dag 4. I dag var det regn, så vi søkte tilflukt på Beachen i Loen. Redning på travers, teori, og lokaliseiring av 6er- og big-bro-plasseringar på Beachen.

Map    

Kameratredningsdag på Haus

Date:
05.05.2021
Characteristic:
Climbing
Map    

Lundavarden

Date:
04.05.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
7.0km
Map