Isberga Heidal (12.03.2024)


Characteristic Ice climbing
Duration 5h 00min
Map
Visits of other PBEs Isberga (470m) 12.03.2024 08:23

Eg og Pål Christian vart i haust einige om å ta ein isklatreweekend for å skjerpe greiene litt. Det har vorte mykje rust og lite skarpt stål og skarp psyke dei siste vintrane. Sidan ting i familien må planleggast godt gikk vi for at dette skulle skje i Guldbrandsdalsområdet, sidan det har stabile forhold.

Naturlig nok burde dette opplegget gjennomførast i starten av sesongen, så det fekk fungere som ei flying start inn i isklatresesongen. Men den gang ei - det var for mange barneselskap og diverse fandens oldemor. Så då vart det i februar. Men då februar kom, og eg var på veg gjennom stryn sentrum mot strynefjellet køyrde eg forbi eit skilt som sa STENGT. Faktisk stengte både dovre og strynefjellet i fleire dagar denne helga, og det kom så mykje regn på vestlandet at eg måtte fram med spaden på tunet. I Guldbrandsdalen derimot, var det etter sigende fint vær.

Så då vart det mars - ein måned som er svikefull for isklatraren. Her kan ein risikere å møte på vertikal softis. Men faktisk - innlandet leverte. Etter nokon gode tips frå lokale klatrarar køyrde vi denne første dagen til eit crag på Isberga i Heidal. Isen ligg i ei bratt side ned mot Sjoa, og ein m finne vegen ovanfrå. Vi gikk frå ei hytte nedanfor vegen, ned sida, og fulgte spor som tok oss ned ei rampe. Her kan ein gå rett inn på isen, eller rapellere ned til elva.

Vi rapellerte heilt ned, og lurte litt på korleis vi skulle legge det opp. Toppveggen var bratt.

Pål Christian tok første lengde, som var fin WI3 før det la seg og vart nokon meter snøvassing. Då eg kom opp var det ganske klart kva som no skulle gjerast. Den toppveggen kalla på oss.

Eg vurderte moglegheitene litt, og kom til at vi berre fekk prøve. Litt opptak, så vart det bratt. Solid WI4 i to seksjonar. Syntest dette var spennande og bratt, men veldig god is. Gikk veldig fint.

Så stod eg under siste seksjonen. Her var eit veldig fint dieder som nok hadde tatt dette opp på 5-talet. No var eg i siget, og var på veg opp. Men eg hadde fått ein del taudrag som eg ikkje var gira på å klatre med i bratta. Så eg lurte meg rundt på venstresida i staden, og toppa ut godt nøgd!

Etterpå topptaua vi eit par runder på smørisen - her var det berre å spasere rett opp!

Neste dag skulle vi prøve oss på ein lenger tur - men det er ei anna historie

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.