Smådalsnipa (04.05.2024)


Start point Kleppstølen
Endpoint Kleppstølen
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 17min
Distance 8.7km
Vertical meters 540m
Map
Ascents Smådalsnipa (930m) 04.05.2024
Smådalsnipa NV (929m) 04.05.2024
Visits of other PBEs Kleppstølen p-plass (330m) 04.05.2024

Ny dag med temperaturar over 20 grader. Hadde fått med meg at det gjekk an å gå på Smådalsnipa, sjølv med litt snø oppover. Flott å gå og ikkje så mykje vind. Er ikkje ofte vi kan gå i shorts og singlet i starten av mai. Brukte dei nye hikingskoa eg kjøpte førre veke og startar å bli vane med dei. Eg har vanlegvis valt Salomon kvart gong. Desse er gode og eg har aldri fått gnagsår av dei. Problemet er likevel at dei er litt smale og det går hol på sida av skoa. Denne gongen blei eg anbefalt Merrell. Desse er mykje meir romsleg på foten og det må nok gå litt tid før eg vert vane med dei, men eg reknar med det skal gå seg til.
Det såg ut som det var litt snø oppover bakkane, men det var mindre enn det kunne sjå ut. Eg må innrømme at etter turen på Skogstadfjellet var ikkje det så fristande å gå å vade i snø. Nokre snøfenner måtte eg passere, men eg gjekk fint oppå snøen utan problem.
Fleire hadde funne turen opp til Smådalsnipa denne dagen. Det vert nok mykje trafikk oppover der i år sidan det er ein av Titur frå Indre Sunnfjord turlag.
Etter turen skifta eg til badetøy og tok ein rask dukkert ved Sanden i Naustdal. Forfriskande og godt.

Stehoggestølen
Stehoggestølen
Smådalsnipa sett frå Stehoggestølen
Smådalsnipa sett frå Stehoggestølen
Utsikst frå Smådalsnipa
Utsikst frå Smådalsnipa
Utsikst frå Smådalsnipa mot Blåfjellet
Utsikst frå Smådalsnipa mot Blåfjellet
Utsikst frå Smådalsnipa nordover
Utsikst frå Smådalsnipa nordover
Utsikst frå Smådalsnipa vestover
Utsikst frå Smådalsnipa vestover
etter ein tur i relativt høge temperaturar var det forfriskande med eit bad.
etter ein tur i relativt høge temperaturar var det forfriskande med eit bad.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.