Dønta (06.04.2024)


Start point Verma (241m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Distance 26.3km
Vertical meters 2,026m
GPS
Ascents Dønttinden (1,676m) 06.04.2024 16:16
Dønttinden Sør (1,664m) 06.04.2024 16:16
Sæterhøa (1,486m) 06.04.2024 16:16
Veslfjellet (1,365m) 06.04.2024 16:16
Visits of other PBEs Sletta p-lomme (250m) 06.04.2024 16:16

Dønttinden - eller Dønta som det står i boka på toppen, er ein real kremtopp i Romsdalen. Den er ikkje lett å sjå frå dalen, men når ein kjem frå Bjorli er den tydelige profilen eit klart teikn på at noko er på gang. Romsdalens stolte portvoktar i sør.

Sjølv har eg tenkt på denne toppen sidan eg klatra Mongejura back in the days. Då hadde vi Breitinden bak venstre skulder - og Dønta raga bak høgre. Profilen herifrå var mildt sagt pirrande.

Då eg vakna i teltet på Skiri i dag var det altså gravitasjonen frå Dønta som drog. Ikkje rart sidan det er svært kort i luftlinje frå Skiri til tindens topp. Eigentlig lurte eg på om eg skulle ta Kyrkjetaket i dag. Enn så kontroversielt det kan framstå mellom nordfjordingar så synest eg det er hyggelig å treffe folk når eg er aleine på tur. Kyrkejetaket ville garantert vere folksomt. Dønttinden, med sine avsidesliggjande 26 km, var truleg mindre befolka.

Men likevel, himmelen var blå i widescreen-format, og eg hadde god tid til alle km og hm som måtte til.

Gikk for rando då det var mange høgdemeter. Litt skibæring opp frå Sletta, så var vi i gang. Det var berre å smøre seg med tolmod, for dette skulle vere dryge greier. Fint å kome opp i den opne blandingsskogen. Tok frokosten under nokre furer. Sol, men kaldt. -5 på parkeringa. Knallhard skare. Og ein liten trekk som heldt seg stort sett heile turen.

Vidare oppover var det kilometer på kilometer. Ikkje før eg kom på Veslefjellet såg eg dagens mål. Herifrå gikk det radigare, og her var det også litt tørr nysnø på skaren. Raskt til sæterhøa, så fint renn ned i skaret. Opp bakkane mot Dønttinden gjorde den fine jamne stigninga at det gikk radig. Tok ei pause og ei ny skjeve i sola der trekken gav seg. Så sjarmøretappen til topps.

Flott utsikt over diverse finheiter frå toppen. Og ned til Mongejura og norges eigen Grand Canyon Romsdalen. Boka i varden kunne avsløre at dette var ein topp for kjennarar – og at det tydeligvis var ein ting å gå den frå Trollstigen som vårskitur.

Ned til skaret var det flott føre. Herifrå følgde eg lia, og kunne renne og stake relativt greit til Vermdalssætra – sjølv om bjørkeskogen var vel tett somme tider. Herifrå var det sæterveg med både skuter- og skispor vidare. Nydelig open blandingsskog og gamle furuer i det som er ein verna skog. Sjekk ut tyristokkane dei har bygd sel og fjøsar av her!.

Litt staking før det vart slush-rally ned skogsvegen. Skulle eg ha gått denne turen igjen hadde eg nok gått den med klokka. Det hadde gitt meir fin skikøyring – og dessutan auka sjangsen for å ta med det eksklusive Døntfjellet, som er på Bovens Kremtopp-liste.

Meget bra! Vel tilbake i bilen byrja det å skye over, og ein time seinare bles det godt frå toppane. Lavtrykket banka på – berre å kome seg heim.

Start date 06.04.2024 08:53
(UTC+01:00 DST)
End date 06.04.2024 16:04
(UTC+01:00 DST)
Total Time 7h 11min
Moving Time 5h 21min
Stopped Time 1h 49min
Overall Average 3.7km/h
Moving Average 4.9km/h
Distance 26.3km
Vertical meters 2,026m

User comments

  • -
    avatar

    Døntfjellet

    Written by boven 07.04.2024 22:13

    Så bra du nemner denne så slepp eg spørje.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.