Skjolden på Barmen (09.05.2024)


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 06min
Distance 2.9km
Vertical meters 386m
GPS
Ascents Skjolden (545m) 09.05.2024 22:02

Helgetur m.a. til område ved kysten. Ferga ut til Barmen hadde laurdags-rute. Så då var siste gått, då vi kom på kaien kl. 18. Parkerte der med tanke på ferge i morgon tidleg. Men plutseleg 20:50 kom det ekstraferge som gikk i retur kl. 21. Så då tok vi den. Køyrde på smal veg opp til det flata ut, og fann stad å parkere ved stistart. Stod skilt "Skjolden" der, så blink. Overnattar her i bubilen. Så då blei det kveldstur på meg, i nydeleg solnedgang mot Stad-halvøya. Stien var godt merka med pinnar med raude merke. Nokre bratte opp-klyv fleire stader, men ikkje vanskeleg. Eit sva-parti kunne vorte litt smågufs på retur vist blaut. Men det var turt, og eg heldt meg godt i overkant. Aldeles fantastisk utsikt frå toppen. Nydeleg også å gå nedatt, og sjå utover havet. Fine stein-pålar viste veg i øvre del. Burde ha teke bilde av dei. men var litt bergteken. I morgon ny tur ein ny stad. Men eg lyt legge om på planar, då skituren til Ålfotbreen som eg hadde meldt meg på til laurdag, vart avlyst.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.