Høgeloft (05.05.2024)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 57min
Distance 19.2km
Vertical meters 864m
GPS
Ascents Høgeloft (1,920m) 05.05.2024 14:56

Sein avgang i dag. Familiekos nokre dagar då son, svigerdotter og tvillingane på 1 1/2 år har vore på besøk sidan 1. mai. Veldig kjekt. Dei køyrde austover kl. 10, og eg blei klar for tur, etter litt somling. Avgang frå Eldrevatnet kl. 12:20. Eg var spent på føre, sidan det var 21 grader i låglandet og 14 ved Eldrevatn. Føret var ikkje topp, men kun få gjennomslag på turen. Ein nydeleg dag vart det i sola og varmen. Etter fyrste oppstigninga frå fjellfoten, la eg ruta i ein lang boge. Då slepp ein skrågang. Gammal vane kanksje, då ein med Rando kan gå rett på. Måtte ned nokre få høgdemeter eit par plassar med den ruta eg valde. Etter vel 2 1/2 time stod eg på toppen. Det var litt vind her, men meir fønvind enn kaldt. Tok på jakka for retur i alle fall. Åt skjever på toppen og skua utover vår vakre fjellheim. Kjendt og kjært til Filefjell, Hemsedal, og vakre toppar i Jotunheimen. Valde ei meir direkte rute nedatt. Det vart fin-fin køyring helt til nede att ved fjellfoten. Ikkje super glid, men greitt nok, og berre eit par "suug". Hadde på glider før returen. Dei meir flate partia, siste 4 1/2 km gikk ganske tregt. Noko staking. Men trong ikkje å ha på fellene på retur i dag. Fin-fin tur, god trim, og knapt 4 timar på tur. Greitt det :)

Solhaugen til venstre, og 1682 toppen midt i bildet. Oppgang ved ryggen i framkant ved sistnemnde.
Solhaugen til venstre, og 1682 toppen midt i bildet. Oppgang ved ryggen i framkant ved sistnemnde.
Mot fjellryggen som dreg seg mot Høgeloft.
Mot fjellryggen som dreg seg mot Høgeloft.
Vesle Jukleeggi. Fint fjell.
Vesle Jukleeggi. Fint fjell.
Toppvarden, og nordvestover.
Toppvarden, og nordvestover.
Mot Valdres med Grindane midt i bildet.
Mot Valdres med Grindane midt i bildet.
Bleia med Maseringsnosi nærast. Teke på retur.
Bleia med Maseringsnosi nærast. Teke på retur.
Ulvehaugnosi. Teke på retur.
Ulvehaugnosi. Teke på retur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.