Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Breheimen/Luster - Slirevotni

Datum:
02.06.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
13,8km

Lavtrykk på veg innover Sunnfjord regionen! Pakka bilen etter dagvakt og susa avgårde til sol og betre ver. Har registrert på peakbook kartet att det er blitt oppdaga ein ny potensiell 100 pf topp i region Breheimen/Luster. Det er då nokon andre som har sett denne toppen. (Så takk til deg for denne turopplevelsen!) Har vore eindel rundt i området tidlegare! Det er ikkje alltid like lett å sjå i terrenget kva topper som akkurat bikker den magiske 100 primær faktoren. Nokre ganger er det lett å sjå og tenke at den må då være ein potensiell topp og ein greier å trykke seg fram på høgdedata. Andre ganger er det vanskelig å sjå heilheita for grunnlaget til å finne ut av pf. Kanskje derfor det vekslar eindel fram & tilbake, over og under!! Kjekt å ha nokon då å diskutere >>>

Karte    

Nasjonaldag på sitt vakraste i "bakgården" Jostedalsbreen...

Datum:
17.05.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
22,8km

Høyr på bekken, koss det sildrar! Tømme vinteren i ei elv. Late tima og lange kvelda. Ligg å venta på dagen som kjem. Sjå sole imot lyset! Tenk så godt me skal ha det ilag! Ligg mjukt i ei eng som gjer nytta si som seng, berre gå hånd i hånd ein sommerdag. https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ Dette er nasjonalromantikk, natur & medmenneskelige verdier som står aller høgst av alle verdier i livet. Virkelig er dette som vi har rundt oss av unik natur og kontraster, som ein berre kan drømme om. Det er desse finurlige eventyra som gir livet! Det starter her... Nydelige meldinger og vårskitur opp Erdalsbreen på tenkte topper ligg inne i nokre fridager og på sjølvaste 17 Mai. Litt folk å treffe med samme driv til desse dagane å nyte det gode veret i storslått natur. Etter jobb bar turen opp til Infimus 880 moh >>>

Karte    

Steindalsbreen - Jostedalsbreen/Luster/Sogndal

Datum:
02.10.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
18,6km
Karte    

Liabrekulen - Breheimen/Luster

Datum:
30.08.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
12,5km

Etter gårsdagens hærlege tur til Lokebreen ifrå Veitastrond. Var eg lysten på Liabrekulen i det meldte lettskya veret. Å køyre innover Lustrafjorden mot Skjolden er eit lite eventyr i seg sjølv. Den irrgrøne fjorden, fossefalla ifrå dei bratte fjella som blandt anna Feigefossen. Eit lite stopp på Lustrabui for nydelig bakverk som ein saftig kanelbolle med på tur. Alt er som ein forsmak på neste eventyr av stortindane våre på Sognefjellet. Berre lekkert alt sammen! Kunne ramsa opp så mykje meir av kulturskatter i dette området. Medan eg drømmer meg vekk i alt dette lekre! Så møter det meg eit syn som sperrer og setter eit skår i fryden over alt det fine...Ein enorm vegg av eit malplasert turistskip inne i den tronge fjorden ved Skjolden. Skipet spyr ut os som nesten dekker >>>

Karte    

Lokebreen ei mektig brevillmark! Jostedalsbreen/Luster

Datum:
29.08.2023
Entfernung:
9,7km

Lokebreen er eit av tre brefall ned mot Austerdalsbreen. Det har eit nydelig navn og det er eit område som eg har gleda meg stort til å studere nærmare! Skal tru kvifor det fekk navnet Lokebreen! Dette er villmark av natur som det står respekt av i storheit ikkje langt heimatt ifrå. Det har vore studert kart nokre ganger over dette området i forkant. Dette var virkelig ein tur som sto til forventningane! Det er eit mektig fint naturområde og det gjere godt i sjela at ein kan nyte ein sånn vill natur i fred. Reiste inn og slo leir om kvelden ved slettene rundt Tungestølen. Veldig kjekt å ha med Ottar som turfølge på denne turen til Lokebreen. https://www.youtube.com/watch?v=QKcxhQZxvdw

Karte    

Øyanosi - Eit nydelig utgangspunkt for eit vilt breskue!

Datum:
01.08.2023
Entfernung:
14,1km

Etter ein ettermiddagstur i meir ymse ver opp til Greinbreen 1849 moh like ved, dagen i forkant! https://peakbook.org/tour/512759/Greinbreen+-+Lustrafjell+-+Breheimen+-+Skj%C3%A5k.html Var det nydelig å få sikta til denne turen og den ville brenaturen i dette området innerst inne i Jostedalen.

Karte    

Greinbreen - Lustrafjell - Breheimen - Skjåk

Datum:
31.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
17,1km

Ymse meldinger! Men, det var meldt solglytt imellom regnbygene! Det tåler ein vestlending godt :) Forventinger om utsikt på toppane er alltid litt spenning med! Og det blir erstatta med stor lykke når den trolske skodda opner opp for sikt i eit så storslått naturområde. Nasjonalpark beveger ein seg også i. Fotomessigt får ein mange nydelige naturbilder under så vekslande forhold. Temperaturen kunne kanskje ha vore litt betre, når tempoet ikkje er av det høgste når ein beveger seg store deler av turen i våt steinur. Men, det er ein bagatell! Turen var fin og vi snakka med mange turfolk iforbifarten på Sprongdalshytta. Dei skulle overnatte der og nokre skulle vidare til Arentzbu. Turplanen for neste dag var derfor veldig spennande etter verforholda!

Karte    

Ein av dei store! Maradalsryggen & Skagastølsryggen!

Datum:
08.07.2023
Tourcharakter:
Hochtour
Entfernung:
28,9km

One, two... https://www.youtube.com/watch?v=f3cecpC75vw Three...Talk about a dream! :) Dette er ein tur som er tenkt og planlagt i eit godt fellesskap og vennskap for lenge sidan. Vi har venta med dette fjellmålet med respekt for kvarandre! Sjølv om vi ville enkeltvis kunne nå ulike mål på denne turen isolert sett! Men, vi ville vente ilag på det rette øyeblikket og gjennomføre turen ilag. Brått var der eit vervindu! Svein sende melding ifrå hytta si på Turtagrø. Han hadde ferie! Eg skulle ha arbeidshelg og visste at det var strålande meldinger i høgfjellet. Korleis skal eg angripe denne lysta! Eg måtte berre sende ei melding til min då reddande jurist kollega som jobba helg i psykiatritenesta. Kan vi bytte helg?? Ja, det kan vi! Klart du må komme deg på klatretur i det fine veret! Eg trur faktisk eg var stum ei stund! >>>

Karte    

Hillerhø - Luster

Datum:
19.05.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
19,6km
Karte    

Steindalsbreen - Jostedalsbreen/Luster/Sogndal

Datum:
04.09.2022
Tourlänge:
5:04h
Entfernung:
17,0km

Fine dager her heime i Jølster, må nytast i hage & heim. Fridager og etter jobb! Super hærleg er det også å stikke avgårde innimellom nokre timer i bakgården og i "nye" fjellområder. Lekkert å nyte laaang frukost, for så å komme seg på tur. Traff ingen på tur mot toppane, før heimtur! Då hadde eit lag med sauesankere, samla buskapen sin ned ifrå området eg kom ifrå. Samt var det å skue ein einsleg paraglider ved Torstadnakken. Ellers var det mange liten og stor, ved og rundt Anestølen. Fin stemning denne dagen :)

Karte