Archive - Date

Collected lists

Grøvelnebba og Dronningkrona

Date:
03.05.2024
Duration:
9:10h
Distance:
22.0km

Kortbrok og korterma. Slik kunne ein i grunn oppsummert heile denne dagen, men litt utfyllande info er jo alltid greitt. Med start frå Trondheim (eller Stjørdal for andre halvparten av turfølget) var vi ikkje i gang frå Dalsbøen før klokka hadde blitt halv elleve. Sidan forrige tur for tre dagar sida hadde snøgrensa trekt seg hundre høgdemeter lenger opp, og med tung oppakning vart det ein seig etappe i skisko opp skogen i solsteika. Litt lettare når vi fekk ski på føtene, men likevel tungt å gå i våt snø opp til «platået» på Mohaugen. Etappen til fots langs ryggen på Grøvelnebba var også tunggått. Fråvær av nattefrost gjorde at vi gjekk gjennom snøen heilt opp til hofta med jamne mellomrom. Dette i kombinasjon med shorts bidrog etterkvart til høg vassføring i skiskoa, >>>

Map