Archive - Date
Favourite trips
Favourite peaks
Dronningkrona
- Date:
- 30.04.2024
- Duration:
- 3:22h
- Distance:
- 16.4km
Ny runde til fots opp skogen og vidare mot Dronningkrona. Det som i helga var fantastisk skiføre hadde no vorte til noko i totalt motsatt ende av skalaen. Mildver og litt regn hadde forvandla helgas kalde tørrsnø til rømmegraut, og det var berre så vidt at det gjekk fortare nedover enn oppover.
Dronningkrona
- Date:
- 28.04.2024
- Duration:
- 6:27h
- Distance:
- 21.4km
Flott variant opp til Dronningkrona med start frå Nerdalen. Plana var i utgangspunktet Kongskrona, men halvstri vind og fokksnø gjorde at vi snudde rett nedom "bratt-traversen" innunder Tunga. Valgte i staden å legge turen opp breen i retning Sandvikhaugen. Her var snøen meir gjestmild og sola varma godt - i tillegg fekk vi nyte ferdigtråkka spor frå gårsdagen. Vidare opp til topps på Dronningkrona med påfølgande nedkøyring langs veggen mot Hesten. Ein storslagen dag i Vinnumassivet!
Dronningkrona
- Date:
- 27.04.2024
- Duration:
- 5:49h
- Distance:
- 16.4km
Varm sol og ein god del kald snø. Sesongens første med kortbrok heile vegen til topps. Fekk også vere publikum til to taulag som rappellerte ned frå toppen i retning Kongskrona.
Dronningkrona og Mohaugen
- Date:
- 22.04.2024
- Duration:
- 4:44h
- Distance:
- 25.0km
Tur nummer 30 til Dronningkrona. Markeringa av jubileet vart eit maksdrag frå Dalsbøen til topps, der eg vart møtt av sedvanleg god utsikt og usedvanleg lite vind. Snøforholda var litt dårlegare enn gårsdagens sensasjonelle føre, men likevel lite å klage på. Tok turen ned mot Tjuvdalen, før det vart ein ny runde oppover i retning Sandvikhaugen for å få med ei nedkøying derifrå også. Deretter ein runde til topps på Mohaugen samtidig som sola forsvann. Dermed skikkeleg snømørkt og delvis utfordrande ned til skoggrensa, før det etterkvart vart ski på sekk og spasering nedatt til bilen. Du store min, så fint det er på denne tida av året!
Dronningkrona
- Date:
- 21.04.2024
- Duration:
- 5:25h
- Distance:
- 17.5km
Intet mindre enn ein maksdag i Sunndalsfjella. Store mengder knusktørr snø og store mengder med folk til fjells - sikkert ikkje langt unna 100 besøkande på toppen i dag.
Grøvelnebba og Dronningkrona
- Date:
- 08.04.2024
- Duration:
- 6:13h
- Distance:
- 23.4km
Heldigvis vises ikkje stiv kuling på stillbilete! Ein skikkeleg grom-dag i Sunndalsfjella, til trass for at ein måtte halde fast i samtlige eigedelar for at det ikkje skulle blåse bort. Brukbart skiføre i austvendt side ned frå Mohaugen, og totalt bedritent i vestvendt ned frå Dronningkrona. Toppen av Grøvelnebba var den plassen med minst vind på heile turen - alldeles strålande å få lagt inn litt ryggrangling når skiføret ikkje var noko å skrive heim om.
Kongskrona, Tritindan og nesten-Hesten
- Date:
- 03.04.2024
- Duration:
- 9:05h
- Distance:
- 26.8km
Ein stordag på Vinnubreen! Starta tidleg frå parkeringa med skia på sekken - fotsesongen starta tidleg i år. Fekk lagt inn ein liten runde i retning Sandvikhaugen, før ein kald visitt på toppen Kongskrona venta. Kald og tørr nysnø bidrog til særdeles godt skiføre frå toppen og ned i «botnen», før det på ny vart ein tur oppover i retning mot Sandvikhaugen. Først med eit forsøk på Hesten, som enda med at vi snudde litt nedanfor toppen, og deretter med eit vellykka besøk på Tritindan.