Archive - Date

Collected lists

Strengen

Date:
05.12.2021
Duration:
2:32h
Distance:
9.1km

Map    

Mulvikknuken

Date:
03.11.2021
Duration:
2:10h
Distance:
5.4km

Map    

Snota, Grøafjellet og Vassdalsfjellet

Date:
09.10.2021
Duration:
7:39h
Distance:
43.2km

Truleg sesongens siste langtur i høgfjellet - med varsel om nedbør i form av snø kommande veke var det berre å snøre skoa og få banka inn kilometer til fjells. Dagens arbeidsantrekk vart shorts og korterma, som ikkje er så aller verst no når julebrusen har kome i butikk. Ein mild og god vind heldt meg med selskap langs grusvegen inn til Vassdalen. Derifrå via ein heller perifer "smultring", før turen gjekk via Litj-Snota og til topps på Snota. Førstemann i boka denne laurdagen, men så absolutt ikkje den einaste i år. Det er tydelegvis mange som får gleda av utsikta herifrå i løpet av eit år. Deretter var det meir listefyll aust og sør for Snota som stod på programmet. Neppe toppar som kjem til å bli besøkt så mange gongar, men ein bra måte å få til ein rundtur >>>

Map    

Blåhøa, Svarthamrar og Falkfangarhøer

Date:
02.10.2021
Duration:
5:52h
Distance:
29.6km

Tilnærma klipp og lim frå fjorårets tur over dei same toppane, men denne gongen med turselskap på kjøpet. Ein flott haustdag med låg oktobersol ga oss ei fenomenal utsikt frå Blåhøa, som ikkje lot seg skjemme av tidvis frisk vind. Via Svarthamrar og Falgfangarhøer på heimvegen. .

Map    

Innerdalstårnet

Date:
19.09.2021
Duration:
4:57h
Distance:
18.5km

Etter gårsdagens kjemping mot klokka i Torvikbukt var vel ikkje ein lang fjelltur det beina hadde mest lyst på. Men godt ver trumfa sliten kropp, og Innerdalstårnet vart dagens utfartsmål. Strålande haustver, lite vind og forholdsvis lite folk gjorde dagen til ein av årets finaste - flott tid på året no når sommaren er i ferd med å bli haust.

Map    

Torvikbukt 6 Topper

Date:
18.09.2021
Duration:
2:55h
Distance:
22.0km

"Norges hardaste halvmaraton" står det i invitasjonen frå arrangøren. Der trur eg jammen dei kan ha sitt på det reine, for det vart ei strabasiøs ferd over seks toppar med start og mål i Torvikbukt. Ikkje all verdens høgde på toppane i dette området, men til saman vart det knappe to tusen høgdemeter. Det lille som var av lett terreng bestod stod sett av myrgamping, så her var det ingen kvile å få. Unnabakken ned frå Nebba til Torvikdalen var og av den krevande sorten, med bratt, sleip sti og slitne bein. Deretter rett i arbeid med bratt stigning til Røtå og Reinsfjellet, før det igjen var bratt ned til dagens siste topp. Fekk plukka nokre plasseringar både opp til Reinsfjellet og ned mot mål, og lurte meg inn på Topp 10 med 2:55:41 som offisiell sluttid.

Map    

Oppdal Fjellmaraton

Date:
28.08.2021
Duration:
4:57h
Distance:
42.4km

Sommarens og årets treningsmål. Ein knapp times forbedring frå deltaking i 2018. Starta vel i overkant friskt, men med eit mål om under 5 timar så var det ikkje særleg rom for avslapping heller. Brukbare bein fram til passering halvvegs på Remmasetra, men derifrå vart det grusomt tungt. Sleit med kramper i det meste frå hofta og ned, og måtte grave ganske så djupt for å få noko framdrift. Likevel tilfreds med tida, og godt fornøgd med å få pressa det meste av krefter ut av ein sliten kropp. Til slutt inn på 11. plass, som var langt over forventning. Temmeleg sikker på at det er meir å hente om ein står distansen betre - lengda i seg sjølv er ikkje avskrekkande, men å vere litt meir løpbar den siste halvdelen er nok fordelaktig... Berre å kome seg heim og øve til neste >>>

Map    

Valåsen

Date:
26.08.2021
Duration:
1:05h
Distance:
8.4km

Halde beina i gang til helgas fjellamaraton på Oppdal

Map    

Dalsnibba

Date:
23.08.2021
Distance:
0.1km

Fenomenal tur fra bobilen, over parkeringsplassen og bort til høyeste punkt

Map    

Skåla

Date:
23.08.2021
Duration:
5:00h
Distance:
16.7km

Norges mest tilrettelagte motbakke - savna Wi-Fi og minibank på toppen, ellers brukbart. Eit solid stykke arbeid som er lagt ned både med steinlegging og bygging av Skålabu. På grensa til usjarmerande å ferdast i fjellet på denne måten, men med såpass mange besøkande kvart år er ein vel nødd til å iverksette tiltak for å bevare naturen best muleg. Flott utsikt både mot Jostedalsbreen, Nordfjorden og tyske turistar med artige turantrekk.

Map