Archive - Date

Collected lists

Stortuva

Date:
30.06.2020
Duration:
1:49h
Distance:
15.4km
Map    

Vettafjellet

Date:
29.06.2020
Duration:
3:46h
Distance:
5.9km

Ein betre middag og nytrakta kaffe på Vettafjellet

Map    

Flånebba og Røsetkinna

Date:
28.06.2020
Duration:
2:17h
Distance:
11.0km

Gråværsdag og utfartstrang. Sti opp til Flånebba, deretter klassisk gaupeterreng over til Røsetkinna og videre ned til Røsetsetra. Fin vei derfra tilbake til bilen.

Map    

Hovsnebba

Date:
27.06.2020
Duration:
9:15h
Distance:
13.9km

"Så der skal vi opp, ja...?" "Jada, men det er ikkje så ille når ein kjem oppi lia, sjø" "Nei, det forstår eg, men vi går vel ikkje opp forbi ura vi skimtar mot toppen, der?" "Jo" "Seier du det ja..." Omtrent sånn gjekk praten mellom debutantane og kjentmann Simen da vi steig ut av bilen på parkeringa ved Hydro. Det er ikkje mykje som kjem av seg sjølv når ein skal bestige toppar direkte frå Sunndalen, og Hovsnebba er så definitivt ikkje noko unntak. Her var det berre å trekkje pusten og legge i veg. Etter ein innmarsj som tok oss ein plass mellom tredve og førti sekund var vi i gang med dagens første motbakke - ein motbakke vi var vel vitande om at ville bli av det langvarige slaget. Faktisk heilt til topps, om ein ser litt stort på det.

Map    

Dronningkrona

Date:
20.06.2020
Duration:
7:32h
Distance:
18.8km

Snart fellesferie, men likevel alldeles strålande skiføre på Dronningkrona!

Map    

Kongskrona

Date:
16.06.2020
Duration:
7:43h
Distance:
23.0km

Endeleg vart det audiens hos sjølvaste Kongen! Har gjennom vinteren og våren fått god trening i tidlege bilturar frå Bartebyen med kaffekoppen i fast grep og morgonsola i ryggen. Ein blir som kjend god på det ein trenar ofte på, så turen til Sunndalen og Hoås gjekk temmeleg knirkefritt. Som førstegongsbesøkande langs stien opp Hoåslia var eg ikkje heilt sikker på kva som ville møte meg, men ein treng vel ikkje store mengder med fantasi for å gjette på at det kom til å gå oppover. Bratt oppover og ganske langt oppover, for å presisere. Resonnementet viste seg å stemme ganske så godt, og med unntak av eit par små navigeringsbom i starten gjekk det i grunn ganske greit opp langs ein overraskande god sti. Eit par parti der trea hadde gjeve tapt for naturkreftene var litt kinkig >>>

Map    

Strengen

Date:
02.06.2020
Duration:
3:19h
Distance:
12.3km
Map