Grøvelnebba og Dronningkrona (03.05.2024)


Duration 9h 10min
Distance 22.0km
Vertical meters 2,175m
GPS
Ascents Dronningkrona (1,816m) 03.05.2024
Grøvelnebba (1,428m) 03.05.2024

Kortbrok og korterma. Slik kunne ein i grunn oppsummert heile denne dagen, men litt utfyllande info er jo alltid greitt.

Med start frå Trondheim (eller Stjørdal for andre halvparten av turfølget) var vi ikkje i gang frå Dalsbøen før klokka hadde blitt halv elleve. Sidan forrige tur for tre dagar sida hadde snøgrensa trekt seg hundre høgdemeter lenger opp, og med tung oppakning vart det ein seig etappe i skisko opp skogen i solsteika. Litt lettare når vi fekk ski på føtene, men likevel tungt å gå i våt snø opp til «platået» på Mohaugen.

Etappen til fots langs ryggen på Grøvelnebba var også tunggått. Fråvær av nattefrost gjorde at vi gjekk gjennom snøen heilt opp til hofta med jamne mellomrom. Dette i kombinasjon med shorts bidrog etterkvart til høg vassføring i skiskoa, utan at det medførte anna enn historisk våte føt gjennom dagen.

Betydeleg mindre snø på ryggen denne dagen enn ved forrige besøk for ein månads tid sidan, og ved «hakket» før toppen gjekk det med mykje tid på spekulering - høgdeforskjellen ned til neste avsats var forholdsvis stor no når all snøen vart borte. Å kome seg ned er sjeldan eit problem, men å karre seg oppatt utan særleg gode tak før armar og bein kunne vise seg å bli vanskelegare. Med litt enkel taubruk fekk vi omsider til ein variant der vi kom oss greit oppatt, før vi spaserte tilbake til skia.

Siste etappe mot Dronningkrona i botnlaus blautsnø vart og ein seig etappe, men med formidabel utsikt og vedvarande shorts-temperatur var ikkje det så nøye. Slike dagar er det ikkje mange av i løpet av året - nok ein stordag i mektige Sunndalsfjell!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.