Rundtur frå Ottem (04.08.2021)


Turlengde 10t 03min
Distanse 30,7km
Høydemeter 2910m
GPS
Bestigninger Klingfjellet (1546moh) 04.08.2021
Klingfjellet V1 (1488moh) 04.08.2021
Klingfjellet V2 (1497moh) 04.08.2021
Klingfjellet V3 (1468moh) 04.08.2021
Klingråkkammen (1697moh) 04.08.2021
Ottdalskammen (1569moh) 04.08.2021
Ottdalskammen Sør (1387moh) 04.08.2021
Skarven (1332moh) 04.08.2021
Østre Somrungnebba (1696moh) 04.08.2021
Øst for Østre Somrungnebba (1621moh) 04.08.2021
Østre Klingfjellet (1478moh) 04.08.2021

Eit par dagar turnusfri i august opna for ein kort og kortreist bobilferie saman med likesinna simenee (Simen Einmo Engdal) i Sunndal- og Oppdalsfjell. Første post på programmet var transport til Sunndalsøra, før Klingfjellet og ein handfull andre toppar skulle utforskast dagen etter.

Morgonsol på Hovsnebba og eit klassisk Sunndalsmotiv
Morgonsol på Hovsnebba og eit klassisk Sunndalsmotiv

Forventingane våre til stien opp frå Ottem var særdeles låge, og vi vart dermed overraska av å finne raudmerking opp skogen til demninga. Med unntak av ein god dose flått, så var det på grensa til gjestmildt terreng, og høgdemetrane vart forsert enklare enn vi hadde sett for oss.

Etter å ha kryssa demninga og traska inn dalen langs raudmerkinga om lag ein kilometer la vi ruta bratt opp mot Klingfjellet - her var det stort sett lyng og stein før vi kom opp på sjølve ryggen. Deretter i meir inspirerande terreng til toppen, der vi vart møtt av ei storslagen utsikt. Vidare vestover passerte vi dei mange spektakulære rennene som går straka vegen ned i Sunndalen - på mange måtar turens høgdepunkt.

Frå Klingfjellet og vestover mot Sunndalsøra
Frå Klingfjellet og vestover mot Sunndalsøra

Deretter gjekk det slag i slag med toppar av ymse karakter, der fellesnemnaren var at transporten mellom dei gjekk forholdsvis sakte i steinur av ulikt slag. Etter ein lang dag i høgfjellet tok vi omsider fatt på vegen nedatt i Ottdalen, der det heller ikkje gjekk særleg fort langs elva på veg heimatt. Ein seig dag i eit storslagent område!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.