Hødntind (09.12.2023)


Start point Tyin Parkering (1,088m)
Endpoint Som startstad (1,088m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 55min
Distance 10.3km
Vertical meters 482m
GPS
Ascents Horntinden (1,454m) 09.12.2023

Litt mildare vær, snø i lufta, men skimta blå himmel då me gjekk frå parkeringa på Tyin.
Følgde sommarruta oppover, då det er svært lite snø i terrenget. Gjekk nedpå stein og grus mange stader. Været tjukna til og vind, sno og snø auka på ettersom me gjekk oppover. Måtte ta av skia eit godt stykke nedanfor toppen. Hadde vore lurt med brodder, då det var isete og glatt under snøen.
Men me kom til topps! Såg omtrent ingenting, men kjensla av å nå toppen er alltid god! Kassa til Vang turlag hadde frose att, så me noterer oss ein tur utan signatur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.