Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Høgeloft

Date:
05.05.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:57h
Distance:
19.2km

Sein avgang i dag. Familiekos nokre dagar då son, svigerdotter og tvillingane på 1 1/2 år har vore på besøk sidan 1. mai. Veldig kjekt. Dei køyrde austover kl. 10, og eg blei klar for tur, etter litt somling. Avgang frå Eldrevatnet kl. 12:20. Eg var spent på føre, sidan det var 21 grader i låglandet og 14 ved Eldrevatn. Føret var ikkje topp, men kun få gjennomslag på turen. Ein nydeleg dag vart det i sola og varmen. Etter fyrste oppstigninga frå fjellfoten, la eg ruta i ein lang boge. Då slepp ein skrågang. Gammal vane kanksje, då ein med Rando kan gå rett på. Måtte ned nokre få høgdemeter eit par plassar med den ruta eg valde. Etter vel 2 1/2 time stod eg på toppen. Det var litt vind her, men meir fønvind enn kaldt. Tok på jakka for retur i alle fall. Åt skjever >>>

Map    

Sulefjellet og Suletinden

Date:
27.04.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
16.2km

Skitur med Yngve i dag. Vi kunne køyre heilt opp i hyttefeltet å byrje skituren på ca. 1100 moh. Nydeleg ver i dag, og vi gikk i roleg tempo innover. Flott og stort landsskap. Oddedalen er mektig mellom toppane her. Godt med snøvolum her oppe. Vi la ei nærast perfekt linje inn til fjellfoten av Sulefjellet. Så var det å finne ei god lei oppover. Snart nådde vi på fire turski-løparar og ein hund i same ærend som oss. Dei kom frå andre sida opp Suleskardet. På toppen tok vi oss god tid å nyte utsikta. Så blei det finfin køyring nedatt til fjellfoten. Skikkeleg moro i litt laus snø som sola har bearbeida oppå hard skare. Så vart det motbakke att. Vi skulle opp ca. 280 høgdemeter. Gikk fint i sola det. Eg tok av skia der dei fleste plar gjere det, medan Yngve behaldt skia på >>>

Map    

Slettind

Date:
17.04.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
6.0km

Kort kjapp Rando-tur etter jobb i dag. Litt hardt føre. To mm. styresnø litt oppe i fjellsida. Fint ver og nydeleg utsikt frå toppen. Grei køyring nedatt, men måtte jobba aktivt med stålkantane.

Map    

Berdalseken

Date:
24.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
15.7km

Sein avgjerd om tur, grunna lure-vèr. Då det lysna opp utpå føremiddag, melde eg til Anders, og han sa straks ja til tur. Han måtte fullføre fjøs-arbeidet fyrst. Avgang kvart på 12. Nydeleg vèr, og landskap etter påfyll av ca. 25 cm nysnø siste dagane. Vi var heldige med at nokre hadde starta før oss, og laga godt spor. Kosa oss oppover. Såg ein betydeleg gjeng rasta i "solvegg" vel halvvegs. Vi tok også ein matrast då, etter 1:35. Straks før brea mot Berdalseken passerte vi turfølgjet. Det viste seg å vera sjølvaste "Peakbook" på tur. Eller turfølgje leda av Morten Helgesen. Tilbod han som proff turguide tilbyr. Kjekt, då eg er superfan av bøkene hans. Vurderar også å melde meg på slik tur, når tur-kompleksitet gjer at eg treng følgje. Toppa >>>

Map    

Børrenøse

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
4.6km

Tur nr. to i dag. På randonee-ski opp grøne løypa i skitrekket. Flott utsikt frå Børrenøsi, som alltid. Litt laussnø-køyring før grøne traseen nedatt til bilen. Kjapp tur, 45 min opp og 6 min. nedatt.

Map    

Slettind

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.8km

Frå fylkesgrensa på Randonee-ski. Spor rett opp. Besteig toppen frå baksida, noko eg ikkje har gjort før. Veldig greitt då det gav ei jamnare stigning. Fin køyring nedatt.

Map    

Skjeltrane

Date:
25.02.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
10.4km

Plan var tur med Lærdal turlag til Sletningbu i dag. Etter langtur i bil og familie-besøk i går, freista ikkje tidleg start. Det vart ein kjapp ettermiddagstur til Skjeltrane i staden for. Same startpunkt som turlaget. Skuter-løype gjorde det lett å gå frå start, og opp i bjørke-skogen. Fin laus snø, og urøyrde vidder dekka av snø når eg kom opp på snau-fjellet. Dreia litt nordvest, fann eit punkt og kryssa elva. Den var for det meste åpen, og hadde god vass-føring. Kika på ruta aust, som eg gikk i fjor. Uråd no, med fleire store skavlar, som trua oppi. Lett å gå opp ryggen frå nord. Avblæse siste partiet, nokre hundre meter mot toppen. Fin utsikt. Feller av, og fin sigling nedatt. Litt staking ved vatnet og nedover i flatere parti. Laus og fin snø siste halve partiet ned >>>

Map    

Såta nr.2 i Hemsedal

Date:
18.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
14.5km

Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit >>>

Map    

Bleia i Lærdal

Date:
07.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
26.7km

Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. >>>

Map    

Storebottnuten

Date:
06.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.4km

Ein time og 15 min å køyre med vasskraft-lada bil. Parkerte ved Holdeskar-vegen. I dag ville Marita prøve seg på ski for fyrste gong i år. Kjekt at ho blei med. Betennelse i kne har plaga henne lenge. Valde ein enkel rando-tur, med jamn stigning. Denne toppen burde eg ha samla i haust, men den rauk i eit dårleg strategisk val. Men tur er meir enn samling. Det var fint å gå roleg oppover i ikkje for bratt lende. Ruta gikk beint mot sør, og sola steika godt. Talte ei rekkje på 20 personar over oss, på veg mot Systerskardfjellet. Fleire og sjå på fjellski også i kvista løype. Enno rikeleg med snø. Så lenge det ikkje blir for varmt, er det høve for skitur nokre veker til her. Litt vind oppå topp-platået. Toppen baud på flott utsikt i alle retningar. Fasinerande å sjå dei >>>

Map