Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Ramnereiret og Børahornet

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.1km

Dagens tur nr. tre. På merka sti frå byggefelt. Her er ikkje parkeringsplass, slik fleire skriv. Snuplass, med parkering forbudt. Marita køyrde meg opp. Gikk nedatt etter tur til fotball-stadion. Det er ikkje langt. Godt merka rute til topps. Fint å gå. Fin utsikt undervegs mot nordvest, om ein snudde litt på hovudet. Til toppar eg var på i føredags/går, og til Selje, m.a. Gikk først ut på Børahornet, der SjekkUt og postkassa er. Nydeleg utsikt vestover, på nytt. Då oppom høgaste punktet, kalla Ramnereiret. Retur på same sti som opp, nedatt. Godt sliten etter tre turar utan særlig pause. Ein superfin dag.

Map    

Blåfjellet med fleire

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.6km

Tur to på delvis merka sti. Følgde sti mot Melnyken. Lett til fjellfoten. Ganske bratt etter kvart opp ryggen. Småluftig på nokre hyller, men ikkje vanskeleg. Oppå ryggen følgde eg stien nokre hundre meter, før ned til vatn. Så i mjukt sugande mose/lyng/gras-terreng mot toppen til Blåfjell. Nydeleg utsikt til Kvalheim, havet, og fjellryggar med stup. Så gikk eg mot Rysten, med halveges plan om å nedatt ved stadion på Raudeberg. Slik vart det. Spurte på mobil om Marita ville køyre bubilen ned frå fjellet, noko ho ville. Ho kan desverre ikkje gå med meg for tida med dårlige kne, og f.t. på krykker. Bort til Rysten gikk det lett og greitt, sett bort frå eit lite myr-plomp. Frå Rysten var det sti mot Vardefjell, og i skaret ved det innteikna fleire stiar ned. Gikk oppom Vardefjell, >>>

Map    

Mehuken

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
3.6km

Kjapp morgentur blandt dystopiske vindturbinar. Lyden var ikkje det verste, svisj. Men skuggekastet, når sola kika fram var ubehagelig. Då kom ting meir på plass då eg kom ut på kanten av fjellet. Utsikta ned til Kråkenes-bygda var til å miste pusten av. Utrulig vakkert ! Og sikta mot storhavet. Landkrabba meg likar det. Småjogg nedatt til bubilen, og klar for neste tur.

Map    

Kvamfjellet

Date:
10.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.7km

Etter kveldstur i går, føremiddagstur i dag. Ferga kl 8:35 frå Barmen, og ei god mil å køyre til turstart. Her var merka og skilta rute til toppen, og logga på UT-appen. Var de bratt opp her ? Tung kropp i dag, så berre å sette ned farten litt. Etter kvart fin rygg med sti og nokre sva å gå på. Brattast mellom 250 og 450 hm. Så eit etterlengta lett parti til over 500 hm, før siste kneika. Undervegs både snøfelt, og svart botn med loddrett stup å sjå på. Då det flata ut, raskt over eit snøfelt og opp til stor varde. Her var skilta vidare for rundtur. Frå toppen var det ei fantastisk utsikt 360. Gjegnen, Ålfoten, legdefjella i Bremanger, Hornelen, til Måløy by, Stadlandet, nord til Fiskå, snødekte Sunnmørefjell innover m.m. Jøss-faktor. Brukte litt tid å kike. Returen >>>

Map    

Skjolden på Barmen

Date:
09.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.9km

Helgetur m.a. til område ved kysten. Ferga ut til Barmen hadde laurdags-rute. Så då var siste gått, då vi kom på kaien kl. 18. Parkerte der med tanke på ferge i morgon tidleg. Men plutseleg 20:50 kom det ekstraferge som gikk i retur kl. 21. Så då tok vi den. Køyrde på smal veg opp til det flata ut, og fann stad å parkere ved stistart. Stod skilt "Skjolden" der, så blink. Overnattar her i bubilen. Så då blei det kveldstur på meg, i nydeleg solnedgang mot Stad-halvøya. Stien var godt merka med pinnar med raude merke. Nokre bratte opp-klyv fleire stader, men ikkje vanskeleg. Eit sva-parti kunne vorte litt smågufs på retur vist blaut. Men det var turt, og eg heldt meg godt i overkant. Aldeles fantastisk utsikt frå toppen. Nydeleg også å gå nedatt, og sjå utover >>>

Map    

Vikafjellet, andre turen. Brille-leiting

Date:
21.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:43h
Distance:
8.7km

Kom ned frå fjellet i går utan mine relativt nye solbriller. Så etter turen til Egga tidlegare på dagen, var plan å rusle oppover mot Vikafjellet, til ca. 300 høgdemeter, å sjå etter brillene. Hadde løfta dei opp på hetta, då det var mørkare i skogen. Så sikkert flekt av hetta, når det blei varmt/ly, tenkte eg. Det er ikkje veldig lurt da. Gikk vidare og tenkte, ja ein time kan eg da gå og leite. Kom så på at eg hadde teke av brillene på eit sva på sørsida. Ja-ja, vi kan nå gå opp dit også. Ingen briller. Shit og, eg går ut på Vikafjellet. Ei raud nål som trøst, når eg fyrst er komen så langt. Og dette var tur utan mat, drikke, sekk og snø-kjettingar. Topp vart det, og difor er sporet logga kun nedatt (sidan det ikkje var plan med topping). Brukte ein kvass stein >>>

Map    

Egga / Sandvikfjellet

Date:
21.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

Tur frå Sagevik. Følgde ei logga rute frå UT-appen. Og den loggen var god å ha undervegs. For å vete kor ein skulle ta av, og korrigere kursen, der den endra seg. Fyrste 90 grader, etter få hundre meter, kunne elles lett ha blitt forbigått. Når eg med hjelp av sporet frå UT kom opp på sva-ryggen bortetter, så gikk det fint. Godt varda her. Forbi eit lite vatn, og vidare på svarygg til myr. Her var det på nytt å navigere litt, då kursen endra seg. Ikkje merking, og lite haldepunkt ved myra. Men opp ryggen tidleg, og mot skaret, om ein hadde følgt med litt på avstand. Då det på nytt flata ut og litt ned frå nokre sva-parti, stod ein ved ein fjellvegg. Kva no ? Litt leiting her, ned nokre få meter i barskog, og så gikk det ein fin sti bortetter, og opp i sida på fjellet. >>>

Map    

Kletten

Date:
20.04.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Finfin og lett tur nr 2 i dag. Fin og for det meste grasdekt traktorveg, før sti i lyng og på sva mot toppen. Fantastisk flott utsikt frå denne relativt låge toppen.

Map    

Vikafjellet

Date:
20.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.4km

Fin og spennande tur i Eikefjord. Fyrst på traktorveg, så grei sti, men bleike merke. Over tregrensa lyng og noko sva. Like før fyrste toppen vart det brattare, under mektig fjellvegg. Her låg hard snø, og ei gleppe inntil fjellet. Såg glassert is i partiet over også. Etter vurdering trekte eg meg på normalruta. Frå juni står det i UT-appem. Fann ei grei rute rundt på sørsida av fjellet. Kom då opp ei renne mellom toppane. Gikk ut på høgaste punktet på fjellryggen. Fantastisk fint og kronglete landskap. Fasinerande for ein indresogning. Flott utsikt mot det meste, rundt om. Håstein-fjellet var godt snødekt enno. Returnerte, og tok då med meg Nipa også. Sjekka litt forholda ned normaluta, men trekte meg for andre gong i dag. Veldig hard snø-is, og glasert blank is nedanfor >>>

Map    

Klantenovi 6

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Det minka på snøen. Litt is innimellom, og greitt med snøkjetting i dag. Mildt og fint turver.

Map