Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 6

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Det minka på snøen. Litt is innimellom, og greitt med snøkjetting i dag. Mildt og fint turver.

Map    

Rundemannen

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
12.2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Map    

Fløyen

Date:
25.03.2024
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.9km

Fin rund-tur opp til Fløyen i Bergen med Sander. Han sakna geitene, som ikkje var på plass i dag. Fint klårt ver, og nydeleg utsikt. Mange folk på tur i dag.

Map    

Berdalseken

Date:
24.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
15.7km

Sein avgjerd om tur, grunna lure-vèr. Då det lysna opp utpå føremiddag, melde eg til Anders, og han sa straks ja til tur. Han måtte fullføre fjøs-arbeidet fyrst. Avgang kvart på 12. Nydeleg vèr, og landskap etter påfyll av ca. 25 cm nysnø siste dagane. Vi var heldige med at nokre hadde starta før oss, og laga godt spor. Kosa oss oppover. Såg ein betydeleg gjeng rasta i "solvegg" vel halvvegs. Vi tok også ein matrast då, etter 1:35. Straks før brea mot Berdalseken passerte vi turfølgjet. Det viste seg å vera sjølvaste "Peakbook" på tur. Eller turfølgje leda av Morten Helgesen. Tilbod han som proff turguide tilbyr. Kjekt, då eg er superfan av bøkene hans. Vurderar også å melde meg på slik tur, når tur-kompleksitet gjer at eg treng følgje. Toppa >>>

Map    

Børrenøse

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
4.6km

Tur nr. to i dag. På randonee-ski opp grøne løypa i skitrekket. Flott utsikt frå Børrenøsi, som alltid. Litt laussnø-køyring før grøne traseen nedatt til bilen. Kjapp tur, 45 min opp og 6 min. nedatt.

Map    

Slettind

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.8km

Frå fylkesgrensa på Randonee-ski. Spor rett opp. Besteig toppen frå baksida, noko eg ikkje har gjort før. Veldig greitt då det gav ei jamnare stigning. Fin køyring nedatt.

Map    

Vetanosi - ikkje

Date:
16.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.7km

Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men >>>

Map