Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vetanosi

Date:
29.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.8km

Etter ein fin dag i går med besøk til eitt-årige barnebarn, og over 8 timar i bil, var fjelltur rett i dag. Dag med kaldt og klårt ver er fint på denne årstida. På etablert skilta og merka rute opp «Fodnesnakken». Heile tre turpostar på Ut-appen på denne turen. Mykje besøkte St. Olavskjelda og Stegen med den flotte utsikta mot fjorden. Og toppunktet Vetanosi. Sjølv om det er flatt på toppen, er det også fin utsikt frå Vetanosi sitt høgaste punkt. Sjekk-ut skilt ved steinen. Fint også å gå bort til store Varden mot Lærdalsfjorden, noko eg ikkje gjorde i dag. Aldeles nydeleg utsikt på denne turen, både opp og ned, når ein er komme over skoggrensa.

Map    

Rødåsen

Date:
28.10.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
1.1km

Rusletur med son Sander ca. 500 meter frå bustader til son Joakim. I dag var vi på besøk for å feire eittårs-dagen til tvillingene Tilde og Millie. Fin dag, med familie og kos som høgdepunkt. Lang køyring, 565 km.

Map    

Tylderingen

Date:
25.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.5km

Siste av tre feriedagar. Då blei det ny topptur. Merka rute frå Kleiv i Sogndalsdalen. Tilråda å parkere ved Hodlekvebrui. Sannsynlegvis ved dei blå kontainerane. Ein finn eit par stader litt nærare og. Men ikkje blokker vegar til hyttene. Grei fin sti opp i terrenget her. Brattar til oppover. Litt under og forbi stølen Stepin, eit noko flatere parti. Is og snø frå ca. 800 moh. Måtte trø utanom is-parti her og der. Nærare skaret før fjellryggen gjorde snøen seg meir gjeldande. Bratte kneikar fyrst opp mot ryggen. Valde den ruta opp då eg ikkje var kjend, og ryggar normalt er mindre utsett for djupare snø-parti. Fin rute, men ein del gjennomtrakk måtte påreknast. Kunne med fordel hatt med truger og stavar til deler av turen. Men ingen store problem. Snart opna det seg flotte >>>

Map    

Sukkertoppen

Date:
24.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.5km

Parkeringa på tilvist stad i Spjelkavika var oppteken av omfattande anleggsarbeid. Vi køyrde difor vidare. Parkerte bubilen heilt nede ved Korsvika, ca. 1 km frå turstart. Men fint å gå med sola frå sør midt i mot i starten. Den varma. Grei fin og mykje nytta sti. Bearbeida med steinsetjing og diverse mindre inngrep. Det har nok vore naudsamt her, då det var gjørmete i utkant av steinsetjinga. Nydeleg utsikt i alle retningar frå toppen, og fleire stader på tur opp og ned. Spesielt i øvste partiet på fjellryggen. Lett og fin tur. https://flow.polar.com/training/analysis/7751242334

Map    

Hanekammen

Date:
22.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.4km

Undra meg litt om ruteval i dag, men enda på ryggen som start. Og kva side av neset ? Inpiserte begge, og valde sør for, sjølv om stipla sti var nord for berget. Tok rett opp grasbakkane, og det vart bratt på slutten i fyrste oppsteget. Nokre fot-trinn, men måtte bruke hendene til sist. Kom opp på eit platå, mot nokre berg, og der stod ein pinne som markør. Passerte eit par pinnar til. Vidare opp ryggen kan ein gå ulikt, men eg følgte mest trakk til eg tangerte stien som går frå byggefeltet, ca. 220 moh. Herifrå fin sti til toppen. Nokre klyve-kneikar innimellom. Fjellet var lettare å bestige enn ein fekk inntrykk av, på litt avstand. Måtte passe meg for litt is på stien innimellom. Svær fin utsikt stadig, og i alle retninger. Toppa etter 1:23, då det gikk svær seint i >>>

Map    

Veten på Vågsøy m.fl.

Date:
21.10.2023
Distance:
8.5km

Køyrde med bubilen til parkeringa ved ein barnehage. Såg då vi kom nedatt at det var eit flatere parkeringsareal 50 meter lenger ned/bort. Der overnatta vi etterpå. Ikkje lov å køyre opp til vassverket ! Fint turområde, med fleire ruter skilta. Marita og meg følgde mot Veten. Traff på tidlegare kollega Hilde, med mannen Vidar, borti skogen. Kjekt. Grei sti, litt frose i bakken og fint å gå. Nokre kneiker. Ut av skogen, og lettare terreng i sti som snodde seg fint til topps. Stor varde og nydeleg utsikt frå toppen. Marita returnerte same, medan eg følgde ryggen vidare mot Brurahornet Vesttoppen. Svert fint å gå ned frå Veten, og ha havet i venstre auga. Litt is nedst mot skaret. Isparti fleire stader i dag, men som ein kunne gå utanom. Følgde sti heil ut på Brurahornet Vesttoppen. >>>

Map    

Klantenovi 10 23

Date:
08.10.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km
Map    

Topptur-runde høgt i Hemsedal

Date:
01.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.6km

I dag vart det både bratt, goldt, nydeleg og flott. Det vart også ein omfattande rapport. Forklaring til kva ein ser på alle bileta. Parkerte ved Fetjane. Marita vart att i bubilen, og skulle møte meg seinare ved Løkjestølane. Fyrst inn ca. 2 km på ruta mot Såta, der eg var i går. Ved vatnet, var det fyrst å følgje sti så langt som råd. Så blir det steinete. Det skal gå å følgje ryggen heilt opp. Eg var inne på ryggen i eit naturleg drag, for så å gå innatt i renna. Den var til dels svært laus. Det blei litt att og fram, og freiste å trø på større steinar. Opp her var det bratt og det gikk seint. Oppe flata det heilt ut, for så å stige varsomt opp mot varden på Skurvefjellet, knapt 2 timar etter start. På nordsida av toppen var det rima, og litt glatt på steinane. >>>

Map