Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Såta

Date:
30.09.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.8km

Andre tur i dag. Køyrde forbi Lykkjestølane, under det flotte fjellet Nibbi, og vidare til Fetjane. Merka frå stølspmrådet. Når ein har passert brua, ta litt til høgre. Fint oppover, med markerte toppen framfor, og fine elva langs stien. Start kom eg til ein fin foss. Vidare li lett stigande terreng til eit vatn. Her var blått merke plassert mot vatnet, og ikkje stien som drog seg vidare mot fjellet på venstre side. Men greitt å vete i kva retning ein skal gå slik visuelt. Litt lenger opp må ein svinga 90 grader til venstre. Så fint opp litt i høgre sida på fjellryggen heil til topps. Traff på ei bestemor med ei jente på om lag 5-6 år på toppen. Dei ba om fellesbilete, noko eg ordna med glede. Flott utsikt mot majestetiske Skurvefjell på retur ned frå toppen. Tilråda tur.

Map    

Storhøvda

Date:
30.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.9km

Fin enkel tur til Storhovda. På andre sida av vegen overfor Gravset skistadion er det parkeringsplass. Vipps kr 75. Men den gjeld fleire stader på fjellet her. M.a. inne ved vatna der vi overnatta med bubil. Kjekt at Marita vart med på denne turen. Ho har eit kne som kranglar for tida. Fyrst på grusveg bort til nokre hytter på eit stølsområde. Grei sti opp mot toppen. Godt med folk på tur i dag. Noko vindfullt på toppen, som så vidt gikk klar av skogsbeltet på eine sida. Her var også styrtning og loddrett ned. Vi tok nokre bileter. Marita tilbud seg og tok bilder av ein familie med born og besteforeldre på tur. Dei prata tysk og norsk. Lett nedatt. Eg var bortom ei grøn nål og busha litt på returen.

Map    

Totten

Date:
29.09.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
7.9km

Kveldstur til Totten. Bubiltur med helga. I Lærdal var det meldt tett regnver heile helga. I området Golsfjellet og mot Vaset er det gode meldingar. Har parkert ved Storevatnet/Hestanåne, no kl. 20:30, etter litt handling på Coopen i Hemsedal. Grunna anleggsarbeid og utbygging var det ikkje lov å køyre til parkeringa for stistart til Totten. Slik sett nesten 2 km opp på grusveg fyrst. Så delvis sti og delvis traktorveg/skitrase til like under toppen. Så på stein/sva opp til postkassa og bort til høgste punktet. Skikkeleg god trim, og ein ny raud Hemsedal-topp.

Map    

Horgi

Date:
26.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.3km

Tur etter jobb. Dagane blir kortare, og no er det lys til ca. 19:30. Lommelykta er no med i sekken, i fall noko ekstra skulle skje. Men eg har om lag kontroll på tidsbruken, når eg er på tur. Horgi har stått på lista i mange år. Men den lista er lang, eller dei raude nålene er mange. Må prøve å fylle litt på Årdals-lista, sidan listene mine med Hemsedal og Vang har passert 50 %. Fint turvær i dag. Mildt og halvskya. Haustfargane er i emning, og det er fint i fjellet no. Nådde att to jægrar like før Sjursete. Dei skulle jakte hjort i Nundalen. Fjellet er til for ulike interesser. Godt for kropp og sjel for alle som ser nytten. I dag la eg filter på bilda, slik at dei blir litt mørkare, meir kontrast og fargar. Det blir kanskje berre denne gongen. Fekk lyst å markere vakre >>>

Map    

Bergsfjellet og Skjøld - rundtur

Date:
23.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
22.5km

Flott tur i Vangsfjella i dag. Tok av ved Vangsgutane, og opp Skakadalen. Køyrde heilt inn til Soleistølen og sette att ein sykkel. Køyrde så nedatt til parkeringslomme ved avkøyrsle mot stølsområde Vårheim. Gikk derifrå på traktorveg til kvitmålt stolpemerke. Lyt følgje traktorvegen nokre høgdemeter nedatt, så skilta vidare. Fin grei sti oppover med kvite stolpar på trea. Lett å finne fram. Over tregrensa V-merker. Så er det berre å følgje ryggen til Bergsfjellet øst. Flott utsikt. Følgde så ryggen bort, og gikk ut der ein kan sjå styrtningane av Bergsfjellet. Fasinerande. Så nedatt mot eit tjern og rett på fjellfoten. Var spent då det såg bratt ut. Løyste seg fint ved å følgje hyller litt att og fram. Halde seg unna bratte oppgangar, mose og svaberg. Oppå fjellet >>>

Map    

Klantenovi

Date:
22.09.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Map    

Frønningen Høgehaug

Date:
15.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.1km

Klar for siste tur på Lærdalslista. Trass kontakt med jægrar på ferja og grunneigar, kom eg rett på eit lag som skulle jakte fugl i terrenget eg skulle gå i. Dei ville helst ikkje ha folk i terrenget. Eg forklara ærendet mitt. Siste topp på ei liste av 67. Dei hadde stor forståelse. Berre å gå sa ein rørsleg kar. Vi kan vente litt sa dei. Eg tok opp kart, og forklarde at eg kunne gå ut av terrenget, ei anna rute. Måtte berre returnere litt på samme ruta, og så korrigere. Det var dei 4 og takksame for, slik eg forstod dei. Dei hadde med ein fuglehund på jakta. Greitt å gå på sti innover i terrenget her. Ein god del vegetasjon og lyng, så litt av stien no og då. Returen gikk problemfritt. Då er lista med toppar I heimkommunen min Lærdal, komplett.

Map     2 comments

Frønningen Parisholten

Date:
15.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.4km

Då var endeleg dagen for å fullføre Lærdalslista kommen. Var litt nervøs for å forstyrre jægrar. Hadde kontakt med Vilhelm Rumohr for rettleiing. Traff også representanter for to jaktlag på ferja. Viktig å ta hensyn til andre. Grunna jakta, valde eg ei rute som kunne vere til hjelp. Dei jakta høgare i fjellet, så det var aldri konflikt slik sett. Duskregn frå morgon av, men det lysna opp. Køyrde forbi garden Åsen. Plutseleg gikk det frå veg til traktorveg, med djupe spor og gras. Kom forbi, men det kom ein liten dunk under bilen. Så gikk det over til skogsveg. Eg tvila men fortsette. Køyrde på kantane. Ca 300 meter frå der eg planlagde å parkere stoppa eg. Ein liten graskant var nok til å snu bilen. Puh. Rusla på skogsvegar, til det var slutt på dei. Så sikta eg mot >>>

Map    

Skutshorn

Date:
13.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.1km

Ettermiddagstur i nabokommunen. Ein time og 15 min å køyre til Sanddalen. Fin dal, bratte og ville fjell omkring. Turen tok til frå inngjerda parkeringsplass. God sti, merkte stolpar og vardar viste veg. Svært bratt opp flanken her. Nokre hyller med laus vegetasjon, som krevde varsemd. Elles greitt å gå. Over ei ur nokre hundre meter oppi, før det vart vegetert att. So møter ein ura omsider, men den var grei. Heldt litt under det brattaste. Plutseleg viste det seg at eg sikta meg på feil topp, og måtte korrigere litt. Ja-ja, 3 min ekstra trim. Svært fint å gå då det flata ut. Kjapt bort til toppen når ein fyrst var komme oppå fjellet. Valde å ikkje gå bort på utsiktspunktet. Skal opp ei annan gong med bedre tid til fotografering. Nydeleg utsikt fekk eg no likevel. Om eg >>>

Map    

Lærdalsfjell

Date:
09.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
23.1km

Endeleg vart denne turen realitet. Planlagt både i fjor og i år, men har regna bort fleire gonger. Det er ikkje så lang periode anleggsvegen er open heller, og slik tur fortener godt ver. Var tidleg oppe til meg å vere, og 9:15 luffa eg over demningen ved Kvevatnet. I del av terrenget her har eg kun gått ei gong, med Lærdal turlag til Østerbø i Aurland i 2007. Då gikk vi litt feil også. Men på grunn av det, så har eg gått langs Liahovdvatnet ei gong. Når eg såg alle ryggar på tvers mot Store Liahovden, følgde eg rådet min kjære far gav meg stadig når vi var på tur. Gå heller litt lenger for å komme opp på fjellryggen, og styr unna flener. Det lønte seg i dag. Stod på toppen av Store Liahovden 1:32 etter avgang. Følgde ryggen vidare, og sikta meg på eit lite skar. >>>

Map