Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Blefjellet

Date:
31.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.7km

Låg over på parkeringa i bubilien. Var spent på om det blei tur i dag, grunna dårlege vèrmeldingar. Regn om føremiddag, men frå kl. 13 betre, og vi la av gårde mot turmålet Store Ble. Vi var ikkje komme lenger enn til vatnet då det byrja fossa ned, men kun 5 min. Fint på breid sti, men noko steinet innover. Etter ein god km tok stigingar til. Jamn og fint. Opp langs ein fin foss, over stigrensa, og det flata ut. Straks ved eit sti-dele. Rikeleg med tur-løyper i terrenget her. Også til turmålet vårt, var det fleire ruter. Vi valde Langedalen, den kortaste rett på. Fint inn her, med elv, og nokon små brattare parti innover. Litt yr innimellom. Då vi kom opp, og såg fjellet, var vi overraska over kor nær vi var toppen. Inn mot fjellfoten blei det sol, vakkert, og tid for fotografering. >>>

Map    

Storeberg

Date:
30.07.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
3.8km

Kom rett frå Omdalsåsen. Køyrde nokre hundee meter vidare, og parkerte midt i anleggsområdet for nye motorvegen. Søndag, og ikkje arbeid i dag. Gikk opp på gravemaskin-trasè, og inn i villskogen. Skulle vere traktorveg, men den var godt attgrodd. Opna seg då eg følgde ei kraftlinje ei kort stund, for så å leite etter sti inni skogen att. Det gikk da framover. I eit belte på 50 meter måtte eg sloss i gjennom 3-4 meter høg tekk bjørkeskog. Kom så inn på nokre flater med ope felt. Litt til høgre, og innatt på noko betre ATV-veg fyrst flatt, og så lett stigning. Sjekka app, og gikk så ganske rett opp mot turmålet. Enda på feil topp, 200 luftmeter for langt sør. Sidan det var hoggbratt i mellom, måtte eg litt i retur, og så ned i skaret. Greit topp til toppen, men tett >>>

Map    

Omdalsåsen

Date:
30.07.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.1km

Sidan sambuar Marita har familie og to barnebarn på eitt og tre år i Porsgrunn, blir det tid til toppar her i området også innimellom. Samt topp og topp. Knausar med tettvokse skog, kratt og kjerr, dei fleste. Fleire toppar er ikkje merka, stiane er ikkje rydda/vedlikehaldne. Mykje på skogsveg, og bushing, for å komme fram. Omdalsåsen, var av dei lettare i så mote. Fin traktorveg innover i skogen. Så tok eg ei rettare rute på vegen opp av nysgjerrigheit. I staden for ATV-veg. Litt bushing her, men ruta og retninga gav seg sjølv. Straks topp. Måtte leige etter ei glenne for å ta ein bildete. Retur på ATV-vegen som byjra 200 meter nedanfor toppen. Så småjogging ned til bilen. Parkerte under brua, då innkøringa kun er for fastbuande og gardsbarnehagen.

Map    

Slottsfjellet

Date:
28.07.2023
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:57h
Distance:
1.6km

Liten tur til Slottsfjellet for kulturopplevelse. Justerte data sidan appen var på kun ved returen. Eit flott forsvarsverk med bygningar, borgmur og tårn. Fint også nedanfor borga, på veg opp. Historisk informasjon på tavler rundt om. Svært fin utsikt over byen frå toppen. Fin også å rusle rundt på topp-platået, med diverse mindre historiske objekt. Denne toppen var rekna som eit forsvarsverk som det var umogeleg å beseire. Verkeleg historisk sus over staden. Tønsberg har hisrtorisk vorte rekna som eldste byen i Norge. Har kamp med Trondheim om den tittelen i nyare tid.

Map    

Skorvetoppen

Date:
25.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.6km

Topptur mellom byger i Seljord. Dagen vart planlagt med lesing og avslapping i bubilen, men plutseleg såg det ut til å lette. Køyrde opp Kivledalsvegen, ein smal veg. Fyrst gjennom byggefeltet, og så innover ein skarp elve-dal. Breidare veg då vi kom lenger opp, med grus etter kvart. Over ei trebru, og til andre sia, der turen tek til. Langs nokre bratte gardar her, og til sist bratt opp på grusvegen til ein liten parkeringsplass, som var skilta. Så tok fotturen til på traktorveg 50 m, så 170 grader, og på ATV-veg. Følgde den, men tok short-cut, der det var skilta "Skorve". Kom opp til ei fin sæter, Karlstaul, med ei godt vedlikehaldt hytte. Vidare i barskog eit godt stykkje, før det flata ut med høgfjell. Straks til sti-dele nemnd "Flyvrak og Gøysen". Flyvraket >>>

Map    

Mehamarsåta

Date:
23.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.7km

Nydeleg tur frå Heia på Stord, og til høgste fjelltoppen på øya. Opp frå parkeringsplassen i tur-rute med sherpatrapper til det flater ut. Etter denne kneika stod ein varde med norsk flagg på. Sikkert eit mykje nytta turmål for mange. Heldt fram på sti rett fram, og så ei lita kneik. Veldig fint kuppert terreng innover med idylliske vatn. Grønt og frodig. Etter kvart litt nedatt ein dal i retning mot demning ved vatn. Litt før denne, byrja oppstigninga mot dagens turmål og topp. Vel komen opp på flatene på fjellet, viste seg eit heilt ny topografi, med fine avrunda svaberg, og lite vegetasjon. Fint å gå bort til toppen. Fin utsikt mot Folgefonna og havet. Forferdeleg å sjå alle vind-turbinane. Prøver å ikkje sjå på dei. Tok nokre bilder frå toppen, og så retur. Var >>>

Map    

Siggjo

Date:
23.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.4km

Fin tur i flotte trapper til utsiktstopp på Bømlo. Fleire skilta parkeringsplassar tilknytt turmålet. Fyrst på sti og grusveg eit stykke. Så byrja sherpa-trappene. Dei var breide, og svært vakkert lagt i terrenget. Haldinga mi til slike inngrep er to-delt. Eg er mest motstandar. Samtidig tykkjer eg at slikt kan nyttast noko, men strengt regulert. T.d. ved svært populære turmål. Estetikken i dette anlegget var flott, og trappene er ikkje synlig på avstand. Ligg fint i terrenget. Utsikta frå toppen var nydeleg. Med eit unntak. Vindparken på Fitjar. Etter tur på Austevoll, Bømlo og Stord, ser vi turbinene frå svært mange stader, både frå fjell, og frå bilveg. Dette er å ødelegge naturen. Og for sal av kraft til andre nasjonar, som ikkje tek eige ansvar. Norge som råvare-produsent >>>

Map    

Utsletteslottet

Date:
22.07.2023
Distance:
3.9km

Fin tur til dagsturhytta på Stord. Besøkte samstundes raud topp like ved. Parkerte ved idrettsanlegg ved Litlabø. Stien var svart bratt fyrste 80 høgdemeterane. Fyrst barskog, så meir i eit elvegjel. Litt enkel klyving ein stad. Opp i meir lyng og svaområde. Vi gjorde ruta som delvis rundtur. Litt vanskeleg å sjå ruta ein stad ved ein stein-knaus. Plutseleg oppe på dagsturhytta med det majestetiske namnet Utsletteslottet. Artig ord. Finaste dagsturhytta eg har sett. Omgivelsane, platninga, toppen like ved og utsikt mot hav. Litt fotografering, og klauv så opp på Utslettefjellet. Retur fyrst på rute frå anna startpunkt vest på Stord, men etter litt dreie til høgre, slik at vi kom nedatt der vi starta.

Map    

Loddo

Date:
21.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.8km

Roleg fin rundtur på ferietur, f.t. i Austevoll. Besøkte dagsturhytte, ein raud topp, og vidare på rundtur i tett barskog. På toppen var det bygd eit tårn på ca. 6 meter for å få utsikt. Ein såg ein del betre, men mykje tretoppane også frå tårnet. Noko utsiktsglenner også frå dagsturhytta, 300 meter nedanfor toppen. Havet såg vi.

Map    

Klantenovi 0723

Date:
20.07.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km
Map