Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Metalen

Date:
28.05.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
5.8km

Denne turen tok eg like etter Siljanniben. Parkerte utom vegen på høgre side like før eit hus. Gikk innover på god breid grusveg. Så til høgre og på jord-dekt traktorvei. Då den runda 270 grader, vart det meir for ATV-veg å rekne. Vidare nokre hundre meter.Buksa meg så 50 meter gjennom tett skog, og fann "stien", som var ein halvanna meter breid veg. Så bar det på denne bratt oppover til ein haug. Sti vidare herifrå. No såg eg også to blå merke. Gikk så 90 grader til høgre, opp på ryggen, og ut til toppunktet. Denne turen vart nesten utan "bushing". Utsikt heilt til havet herifrå. Trea skygger likevel for det meste av 360-utsikt frå toppen av åsane på desse trakter. God trim, og Porsgrunn-topp nr. 5 i boks.

Map    

Siljannibben

Date:
28.05.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.5km

Turen inneheld gode ruteval og dårlige, eller rettare, litt surr på returen. Då eg kryssa elva, og såg opp, der det var omtala oppgang, så tenkte eg, at her er det både veldig bratt og mykje vegetasjon. Så eg gikk for plan min etter å ha studert kart-kvotar. Lenger inn på grusveg, og så inn i terreng ved ein litt open plass. Veldig tettpakka terreng. Så tolmodigheit og prøve å finne opne glenner. Plutseleg var eg på ATV-veg, og følgde den. Der den slutta, tok eg litt til høgre, så rett opp. Kom til ein skrent, leita litt, og så noko til venstre. Og så stod eg under bratte berg. Fann ei lita skår som eg klora meg opp i. Vidare kjapt bort på toppen. Litt tid til utsyn, og så retur. Valde litt runding under berget, for så å sikte meg nedatt til ATV-vegen. Då den svinga >>>

Map    

Sirikjerke

Date:
27.05.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.3km

Etter passering Vestfossen, tok vi av Saasenvegen, og køyrde opp mot fjellet Sirikjerke. Det er eigentleg for juks å rekne, å køyre så langt opp. Det er merka fleire ruter til Sirikjerke, m.a. ei heilt frå Vestfossen. Men også frå Mjøndalen og Eikern-sida. Vi skulle på besøk til barnebarn, og kunne ikkje bruke heile dagen på tur. Skilta og merka frå ei parkeringslomme med plass til tre bilar. Grei lett sti i vesentlig barskog-terreng. Marita blei med på denne turen, og det var varmt fint T-skjorte-ver med sol. Fine runde sva ved toppen. Vi køyrde over fjellet, og kom nedatt i Mjøndalen sentrum. Lettaste topp med over 500 i pm for min del.

Map    

Nattjennåsen

Date:
27.05.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.0km

Etter overnatting i bubil ved sandtak nokre km etter Krøderen, var vi klar for neste etappe. Marita hadde surfa litt på PB, og spurte om eg ville gå til ein topp med bra pm-faktor ganske nær. Eg var ikkje så vond å be om tur, sjølv om det var litt tidleg for meg. Så då trilla vi i veg, og snart tok vi av ved Snarum. Det var om lag 10 km å køyre til startpunkt for turen. Det meste på grusvei, der ca. 6 km var bomveg. Kun kr 30. Kjapp tur. Følgte ATV-veg, men tok ein snarveg også. Frå stølen Høgsetra var det merka til toppen, på vekselvis ATV-veg og sti. Frå toppen var det veldig fin utsikt. Såg snøkledde Blefjell og Gaustadtoppen. På toppen var det bygd eit tårn med platting ca. 5 meter opp. Stege av tre opp dit. Det freista ikkje å prøve den for min del, sjølv om utsikta >>>

Map    

Lisbetnøbbi ved Gol

Date:
26.05.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
6.0km

Ein liten pause i bubilkøyringa til austlandet. Nytta tida godt til ein kjapp tur. Fint område ved skule og idrettsanlegg. Diskgolf, sykkelløype og stiar. Golingane har høve til rekreasjon i nærområdet til sentrum.

Map    

Kvanngrødfjellet

Date:
21.05.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
6.6km

Kom køyrande opp Guddalen til Byrkjosen til dagens andre tur. Fine vatn nedanfor her. Greidde å parkere bilen ut på nokre grastustar før nedkøyrsla til garden. Gikk så knapt 100 meter, og kika i grøftekanten, til eg plutseleg såg ei opning mellom to bjørketre. Eit falma blått band på eine treet. Stien gjorde seg greitt gjeldande ca. 5 meter inn i terrenget. Opp ryggen var det bratt og god sti. Den bar preg av lite bruk. Då det flata ut, dreia eg litt til høgre, og så i retning opp på fjellryggen. Kunne gjerne følgt stien rundt haugen også. Veldig fint å gå slik på lite bratte sva-parti frå haug til haug. Nokre snøfelt innimellom, som heldigvis bar tyngda. Litt stigning att til sist. Brukte ein god time ut til den staselege varden. Den var sikkert 1,5 meter i diameter. >>>

Map    

Toreheia

Date:
21.05.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
9.5km

Oppsummert enda dagen med tidene 4:42 på tur og 6:36 i bil. Bilen går på billig el-drift, og det freista med tilgjengelege toppar på over 500 pmf. Sist veka var min kraftpris alt medrekna, kr 1,38 pr. kwt. Med forbruk på 63,2 kwt kosta det kr 87 på 430 km. Vasskraft frå Lærdal ! Med nøyaktig bruk av Peakbook-appen fann eg grinda og merka sti opp til heia. Følgde sti til eg hadde passert tre hytter på ulike stader. Så bar det rett opp på Høgeheia etter tre-pinnar med raude merke. Her oppe var det postkasse og sjekk-ut på Ut-appen. Følgde så ryggen vidare til Yndestadhøgeheia. Her var det framifrå utsikt til fjella, og ned til Stongfjorden. Vidare på tendens til sti rett fram til ei høgd, dreia venstre og opp til varden. Flott varde og fin utsikt. Sjekk-ut her også. Nedatt >>>

Map    

Såta nr.2 i Hemsedal

Date:
18.05.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
14.5km

Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit >>>

Map    

Klantenovi

Date:
17.05.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.

Map    

Lindokk

Date:
17.05.2023
Distance:
3.7km

Tur til SjekkUT post Lindokk i Lærdal. Ikkje topp dette, men det var greitt å logge denne ruta, sidan det er ei av få ruter i Lærdal, som eg ikkje har gått. Tidlegare har det vore Bakketrim ved Veten lenger nede, og no ved Øvre veten, som det er i år. Det er mogeleg å gå heilt opp til fjells her, men det er ikkje merka. Må få med meg ein person som er kjent ei gong. Skikkeleg bratt oppi her. Ruta gå innom nokre kløyv og over på sva-parti. So om det er blautt, så må ein vere ekstra varsam oppi her. Det er nokre mindre skilt med stadnamn som er sett opp på tre oppetter ruta. Eit par skilt ber namn etter lokale heltar. Det hadde vore moro å høyrt historia bak. Det for vi gjere litt undersøking av, ved eit passande høve. Marita var med, og ho har no alle 81 SjekkUT i Lærdal, >>>

Map