Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Storebottskarvet

Date:
26.03.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.6km

I dag var det vanskeleg å bestemme seg turmålet. Langrenn, fjellski, men helst topp da. Turmålet blei bestemt 200 meter før rundkøyringa i Borlaugskrysset. Vegringa gikk på to element. Det var meldt aukande vind i høgda ut over dagen, og dette med solo-tur høgt til fjells. Turen hadde eg heller ikkje gått tidlegare. Turen vart opptur. Det einaste minus var vinden. Den førte til at eg returnerte frå flanken, og gikk opp sør-aust. Egentleg eit betre val uansett, vil eg meine. Men der og då, når eg snudde og slapp med nedatt 40 høgdemeter, var det ugreitt. Vinden, samt at skia skyfla laussnøen i bratta. Hard skare under. Det hadde ikkje vore problem å komme opp da. Men det viste seg at ruta rundt gav meg god ly for vinden heilt til eg var på topp-platået. Gikk på begge toppunkta, >>>

Map    

Kyrkjenøse.

Date:
24.03.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
3.7km

To timar avspassering på ein fredag var nok til å få seg ein fin topptur i sola. Det hadde komme ca. 20 cm nysnø. Difor var det tungt, men likevel fint oppover. Mild også, med eit par varmegrader og kram snø, til det flata ut på ca. 1100 høgdemeter. Noko drønn i bratta mot toppen. Men ikkje over 25 grader bratt her, og eg følte meg trygg på tur. Idyllisk i nysnøen. Fin køyring nedatt. Appen ville ikkje lage spor nedatt.

Map    

Storehaugen

Date:
19.03.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
6.2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Map    

Klantenovi

Date:
11.03.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.2km

Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.

Map    

Filefjell

Date:
05.03.2023
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
14.1km

Av turane mine registrert på Peakbook er minst 90 % topp-tur. I utgangspunktet er det berre topptur som blir lagt inn her. Så er den nokre få unntak. Avbrutt topp sjølvsagt. Slik sett er aktivitetsnivået ca. dobbelt av det som ligg inne her, når det gjeld høgd- og lengdemeter. Turen her blei logga for å samanlikne appane si registrering i avstand og høgde. Denne gongen var avstand nesten identisk. På høgdemeter la Peakbook seg nesten 40 % høgare enn Polar. Peakbook er nok litt for høg, og Polar litt for låg denne gongen. Må gjere ein logg med Garmin håndholdt. Den er mest presis.

Map    

Helleberget og Dyrhovden

Date:
01.03.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.0km

Litt avspassering vart til ein skitur frå Hollekve i Sogndal. Målet var Helleberget, med opsjon på Dyrhovden. Resultat på begge, men noko undring undervegs. Følgde ruta over brua skilta til Helleberget. Sannsynlegvis ei sommar-rute. Men her var fint å gå oppover. Ruta til topps var heilt fin. Idyllisk ved vatnet og hyttene under toppen på austsida. Toppen var rund-flat, måtte litt forbi postkassa. Svært fin køyring nedatt frå toppen. Skikkeleg mjuk og turr snø på 10 - 15 cm. Nesten nede tok eg ein lang sving i retning mot fjellet eg rekna med var Dyrhovden. Det viste seg å vere rett, men undringa skuldast at appen svikta meg totalt i dag. Heilt fint til topps, og så eit par hundre meter i nedkøyringa, stoppa den. Ikkje hadde eg teke med GPS heller. Men eg hadde studert kart >>>

Map