Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 12

Date:
23.12.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.1km

Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.

Map    

Klantenovi

Date:
26.11.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.0km
Map    

Botnanosi ? Nei, men Åsete

Date:
25.11.2023
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
2.4km

Var i tvil i dag. Om tur eller ikkje. Botnanosi var målet, og snøforholda var eg usikker på. Køyrde til skihytta, og byrja optimistisk med snøkjetting. Oii, det var det såpass med snø ja ? Etter nokre hundre lengdemeter, vart det på med nye truger. Tubbs flex vrt 25. Desse har stegjern på sidene langsmed. Gikk fint oppover då det var rando-spor i stien. Fint ei stund, med ca. 20 - 30 cm snø. Etter kvart vart det slutt på skispor-hjelp, og snømengda auka kraftig på. Så eg trakka 30-50 cm ned for kvart steg ei tid, auka til 40 - 60 cm i øvste partiet. Når eg såg at snittfarten oppover hadde gått ned frå 0,9 til 0,8 km/t, vurderte eg å snu. Måtte stoppe innimellom, noko eg ikkje pleier. Gikk så over til å gå i slow-motion, og det gikk oppover. Det var no idyllisk og >>>

Map    

Store og Vetle Haugmelen

Date:
18.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.9km

Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod >>>

Map    

Amlaholten

Date:
12.11.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.9km

Når ein fyrst er i siget. Tok av mot Festingdalen i staden for å køyre gjennom tunnelen, og rett ned på ferjekaien. Parkerte ved stistart. Her er plass til 6-8 bilar. Har gått denne runden tre gonger tidlegare. Ved sidan av meg laga ein jæger seg til. Eg sa kor eg tenkte å gå, og spurde om det vart problematisk. Vi lyt dele på området, var hans gode svar. Vekselsvis gikk eg raskt, og småsprang på traktorveg innover. Den blir noko smalare ATV-veg etter kvart. Siste stykke opp mot toppen er «små-klyvete». Oppe på toppen er nydeleg utsikt mot Bleia, og ut fjorden mot flotte fjell over Aurlandsfjorden. Litt for store bartre tek noko av denne utsikta. Heldt fram på brei sti, og etter kvart traktorveg nedatt. Fin rund-tur.

Map    

Nuken

Date:
12.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.6km

Fyrste tur til Nuken for min del. Vinterføre på god sti innover. Slik også opp den svært bratte vegen merka fyrst Eggum, så Nuken/Åsen. Her var det smal veg, bratt og lite møteplasser. Ingen bekymring opp med 4 hjulsdrift, men litt spent nedatt med tung bil. Det viste seg å vere ugrunna. Ca. 10-12 bilar stod fint oppstilt på skrå, på parkeringa. Stien var litt bratt fyrste få hundre meter. Så flata det ut, og inn i barskog eit kort stykke. Snart oppå fjellet og vidare i lett terreng, med sporadisk småbjørk. Møtte ein del folk, sidan eg var seint ute. Fint innover. Nokre stølshus å sjå, og eit fint like under toppen, som er noko markert. God utsikt 360 grader oppå toppunktet. Skilta vidare, så her oppe kan ein gå diverse ruter, særleg sommarstid. Retur same veg.

Map    

Toppar i Førde

Date:
07.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.5km

Tok ut ein rettmessig fridag frå jobb, for å vere sjåfør for Marita som hadde ærend i Førde. Ein liten baktanke var det. Topptur på tysdag er ikkje å forakte. Sesongen no passar for toppar under 1000 moh., og normalt utan for mykje plunder. Grei sti opp til Hjellestølen. Skilt viste retninga vidare. Ikkje merkt anna enn nokre steinar oppover. Men tydeleg sti og greitt å finne fram. Flat topp, men god utsikt. Retur same veg nedatt til stølen. Her skilta til Førdsnipa, og tydelegare sti her. Måtte vere merksam på ising fleire stader oppover. Ei hylle hadde eit punkt, rundt eit berg som var tildeles smalt og litt luftig. Gikk fint med forsiktigheit. Også helt øvst var det små snirklande hyller å gå på. Ikkje vanskeleg. På toppen ein stor varde, og skilta rute vidare for nedgang >>>

Map    

Høgeheia

Date:
05.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.6km

Siste tur, nr. 6 i talet, og 9. raude topp på to dagar i Sunnfjord. I dag ville Marita også vere med på tur. Kjekt. Køyrde heilt til vegs ende ved Holevika. Her var snuplass, men ingen stad å setje bilen. Langt mindre ein bubil. Etter litt fundering, fann vi ein grasbakke 50 meter frå snuplassen, der vi greidde å lirke bilen nett utanom asfaltkanten på den smale vegen. Hytte-eigaren hadde nok vorte småsur, om han kom på besøk til hytta si. Men merka rute var det, med skilt ved start og pinnar med raudfarge undervegs. Godt opparbeida og fin sti heile vegen. Fyrst på grusveg til sti-start, så bratt opp heilt inntil den loddrette fjellveggen. Etter skaret i gjennom tett skog, og så snodde stien seg opp på fjellryggen. Stigning til vel 300 høgdemeter, så småkuppert mot den store >>>

Map    

Toppar i Askvoll

Date:
05.11.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.8km

Dag to på toppturfangst i Sunnfjord. Målet var Smørkletten og Hjartåsen. Valde å gå inn dalen og til Smørkletten fyrst. Svært fin tur innover, men bratt mot toppen. Like før toppen fekk eg gleda av nærkontakt med to ørner. Flott utsikt mot hav og fjell. Vidare ned ryggen var det litt vanskeleg å finne beste leia. Rota meg litt for langt mot nord-vest ved eit høve, utan at det vart vanskeleg. Nede ved Askvatnet såg eg kor bratt sida av fjellet var. Men eg følgde ryggen ned. Vidare mot Hjartåsen var det berre å gå på, då eg ikkje såg sti. Følgde hjortetrakk rett opp fyrst, og veksla mellom smådalar og ryggar, slik det såg ut til å høve seg best. Like flott utsikt frå denne toppen, ei markert berg-høgd. No var plan å følgje ruta nedatt. Undervegs kom tanken på Blåfjellet. >>>

Map    

Dyrehovden

Date:
04.11.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
2.6km

Parkering ved skilta rute. Du må vete kor avkøyring er. Den var nesten usynlig. Ruta gikk på traktorveg, til den gikk over i sti. Bratt opp siste kneika. Svært fin utsikt mot Blægja med nabotoppar, og ut mot havet. Kjapp enkel tur.

Map