Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Gråbrør og Jakobdalsholten

Date:
29.09.2022
Characteristic:
Hike
Distance:
10.3km

Nydeleg ver, som berre måtte nyttast i naturen. 45 min. avspassering, kjapp matbit, og ferja Fodnes-Mannheller. Parkerte oppå tunnellen, i retning Festingedalen. Tok til i rask gange på fin skogsveg opp og innover mot Svartahol. Sola kom fram mellom furtrea innimellom. Der vegen slutta gikk eg rett inn i terrenget, men kom inn på ein sti etter ca. 100 meter. Den følgde eg nesten heilt opp til Søre Gråbrørne. Hadde vore eit betre val og følgt den heilt fram. Flott utsikt og idyllisk stad. Ganske bratt vidare ned, men kjapt opp til Nordre Gråbrørne. Vidare nedatt frå denne var det nesten litt utfordrande, men eg fann da hyller og ei rute. Ikkje farleg. Bratt også opp frå skaret etter denne. Vidare var det lett. Men ein går i terreng heile tida, og må vere obs. Særleg sidan eg >>>

Map    

Stølsnøse

Date:
25.09.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.1km

Dagens topptur nr. 2. Parkerte ved fyrste sving etter krysset mot Årdal. Godt merka sti oppover fjellryggen. Her er det bratt, med innslag av små-luftig. Ruta er trygg, men ein skal vere varsam ved eit par klyvepunkt. Spesielt på returen. Fin utsikt frå toppen. Har gått denne frå litt nedanfor Tyin-vatnet ei gong. Heller ikkje denne toppen har eg besøkt med ski. Det må bli ei gong.

Map    

Skørsnøse

Date:
25.09.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.1km

Dagens topptur nr. 1. Køyrde til Grihamarstølen på Filefjell. Følgde god og merka sti heilt til toppen. Fyrste gong eg går denne ruta. Har besøkt toppen frå Nystova ei gong. Har også tilgode skitur hit. Det må bli samme ruta herifrå på Randonee.

Map    

Klantenovi 9

Date:
19.09.2022
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.7km

September-tur til Klantenovi.

Map    

Surtningssue

Date:
10.09.2022
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
22.5km

Då vart det ver og tid til ein haust-tur blandt 2000 meter toppar i Jotunheimen. Sidan Sognefjellet var sengt måtte vi kjapt tenkje nytt om tur-mål. Surtningssue er av toppar som har stende lengst på den uoffesielle ikkje nedskrivne lista oppi hovudet mitt. Surtningssue vart det, men utan utsikt. Reiste frå Lærdal fredag etter jobb, og låg i bubilen på Valdresflya. Tok fyrste båt frå Gjendesheim til Memurubu. La i veg kl. 8:30. Sola varma alt i fyrste bakken. Vi fann kortaste ruta. Bratt alt i starten. Når ein er ved det flatare partiet, frå vel 1400, kjem det eit parti med lettkuppert terreng, til ein tek fat på Raudhamran. Det brattar skapleg til, og sida ser luftig ut, men det lagar seg, og er godt merka. Eg tok ruta over topp-punktet på Raudhamran, medan Marita tok omgåinga >>>

Map    

Slutenosi

Date:
07.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.2km

Onsdagstur med Lærdal turlag. Sidan mørkret kjem tidleg no, køyrde vi bil opp til brua, like ved inngang til Slutedalen. Fin og lett topptur for 7 turglade folk og ein hund. God sti inn dalen. Vi fann eit godt sauetrakk litt opp i fjellsida. Veldig fin utsikt 200 meter aust for toppen.

Map    

Nyborg -Såta - Storehaugen

Date:
03.09.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.3km

Parkerte bilen ved Grindheim i Erdal, 270 moh. Mykje vill-bringebær i terrenget opp frå Mork. Då kan ein ete litt. Baksida av den medaljen, er attgrodd sti. Bringebær-skog her. Opp frå Mork er det dårleg rydding i starten. Sikkert fordi Atv-vegen blir brukt i staden for. I dag missa eg stien her for fyrste gong, enno eg traff så fint opp frå stølen. Stien er fint lagt, og frå 700 moh. var det ryddig og fint opp til Nyborg. Fint her. Sti/trakk også vidare ca. ein km. Så var det å finne rute mellom vier, og så rundt skrenter opp mot toppen. Bratt innimellom. Eg gikk ut på sørleg del av toppen for å ta bilde. Også fordi eg undra meg på om det er høgaste punkt. 100 meter i retning Storehaugen står den staselige varden. Litt bilder her. Så var det å finne god rute nedover. >>>

Map