Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Senddalen og Råken

Date:
30.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.5km

Kombinasjonstur. Eitt mål var Øystøl i Senddalen. Den er med på dei 10 postane til Lærdal turlag, Stølstrimmen 2021/22. Neste var Bøastølen, ein verkeleg bortgøymd stad i Lærdalsfjella. Men utruleg vakker. Dette turmålet er med på Lærdal turlag si SjekkUt-liste over alle turmål. Det er f.t. 79 mål. Dette vart min nr. 75 og 76. På veg måtte eg innom ein topp for å forsvare bruken av Peakbook-appen. Det falt seg på Råken, eit vakkert gjeilete fjell sett frå nedi dalen. Toppen hadde stor varde og ein pmf. på 93 meter. Tenkte litt på Stora Hånosi, men det var for sein start i dag. Ruta i dag er delvis merka og omtala på tavle ved start, og på ut-appen. Det er ein gamal stølsveg til Senddalen. Det går så sti rett ut frå raude sælet, og opp til Bøahytta. Greitt å >>>

Map    

Klantenovi 7

Date:
27.07.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:38h
Distance:
4.0km

Månadens tur til Klantenovi. 37:55. Går raskere no :)

Map    

Ljøsndalen - Fagersete - Horge

Date:
23.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:39h
Distance:
14.7km

I dag var målet å prikke to postar på Stølstrimmen til Lærdal turlag. Marita hjelpte med transport, slik at ein bil stod klar på Borgund. Byrja å gå frå Sælto. Fin oppvarming å gå Galdane-vegen. Opp frå Galdane byrjar alvoret. Merkeleg, kor ein gløymer strevet frå tidlegare turar. Denne stien er bratt-bratt til det flatar ut ved høgde ca. 700 moh. Ved stølen Heimre Ljøsndalen vart det SjekkUt av stølstrimmen. Godt attvokse med bringeber-ris ved stølen her. Men også fargar av sommarblomst innimellom. Vakkert i all sin villskap. Surra litt med å ta ut frå stølen på nedste, i staden for øvste sel. Kom meg på kurs att. Fint og lett å gå innover dalen mot Fremre Ljøsndalen. Ny SjekkUt på Ut-appen her. Så valde eg ein sti, i staden for å få inn botenen med elva. >>>

Map    

Rauddalstindar travers

Date:
19.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
24.4km

Siste ferieveka, og vi prøvde oss på ein travers frå Leirvassbu. Det lukkast, sjølv om vi var opne for å snu. På sykkel litt før Leirvassbu, der vi hadde plassert bubilen. Sykla nedover Gravdalen, men sette att syklar, etter snøbru nr 4. På føtene vidare ein km, for så å gå ned til elva. Fann optimal stad å krysse elva her, og rusla inn Simledalen. Elvekryssing oppi dalen og. Matpause før bratta. Fint opp morener, men så tok vi eitt bratt parti for tidleg. Kursen vart då justert inn mot ein botn, og vidare opp. Så vart det mykje gonge på snøfelt. Innom eit sva og blokk-parti på veg opp til Aust for Store Rauddalstinden, 1965. Opp hit burde vi ha teke stigning litt tidlegare. Kjapt ned i skaret. Vi var spent på oppgangen til Store Rauddalstind. Fordi vi måtte på snøfelt, >>>

Map    

Hemsedal-toppar frå Bjøberg

Date:
16.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.0km

Noko betre ver austafør. Kjørde til Bjøberg for å nyte litt Hemsedal-natur og plukke nokre toppar. Fyrst 600 m gonge langs gruseveg til hytter, før stien merka mot Kjåen tok opp i lett terreng. Tunn skog ei stund før det vart skikkeleg fint høgfjellsterreng. Etter vel 45 min var eg ved foten av fjellet Høgesyningen. Fint fjell. Lett og greitt, knapt ein halvtime til topps. God sikt herifrå og mot fjellstølen Bulie, der sti går opp i ein botn og vidare mot Kjåen. Bratt i rett linje ned frå toppen, til eit skar, og lett opp på neste topp, Grønleinberget. Fin varde her, og høgast av dagens toppar. Litt foto, ei skjeve, og tid til å nyte utsikt til fjella rundt om. Vidare i lett jogg eit godt kvarter til Sør for Grønleinberget. Fin utsikt til Raudberg. Så vart det å setje >>>

Map    

Mælefjell

Date:
11.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.3km

Tok av mot «Heksfjell», frå Sauland. Fyrst gjennom bustadfelt, så på grusa bomveg inn Slåkjådalen. Rufsete veg grunna arbeid med stikkrenner. I alt 14 km til Slåkjå. Overnatta i bubilen. Vurderte ruter, og valde den tryggaste på tur. Om lag hundre meter, og så rett ned på gruslagt veg. Så sti, og lange strekk med utlagt plank bortetter myrlendt område. Ved ei einskild hytte i skogen, på ope område, fann vi sti oppover langs elva. Då det flata ut sikta vi oss over myra langt nede, og så bar det bratt opp flanken. Det var berre å manøvrere etter beste evne. Nokon trakk innimellom. Her var det bratt. Over skogen var det fint terreng å gå i vidare. Så meir stein og opp langs fine vatn. Mykje flott lilla farge på dei større steinane. Etter mat-rast var det kjapt opp til >>>

Map    

Vardefjellet og Hantofjellet i Lunde

Date:
09.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.2km

To lette toppar frå camping-plassen i Lunde i Telemark. Fyrste etappe med vekslende lett jogg og gange langs veg og gards-veg. Merka start på turen etter ca. 2,3 km. Lett og fint skogsterreng å gå i. Fin utsikt frå fyrste toppen. Andre toppen frå skar på retur. Merking, sett bort frå siste 300 meter til topps. Eg kan ha gått noko for langt, før eg tok av. Lite utsikt her, då det var tett skog. Sikt til førre topp, Vardefjellet, når ein gikk litt ned og utpå. Turt og fint, og god trim.

Map    

Tåråfjell

Date:
07.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.6km

Passe lang topptur i varmen. Uvant å gå topptur i skogen for ein som kjem frå Indre Sogn. Dei siste 50 meter av turen var over tregrensa. Utsikta frå toppen var bra. Med pmf. på over 500 meter, blir det litt luft rundt på alle sider. Såg greitt til Lifjell som nærmeste høgfjell, og Gaustadtoppen i det fjerne, nord-vest. Mindre stigning også her i skogs-åsane på austlandet. Nokre få kneikar var det. Elles vekslende turr skogsbotn og myrlendt terreng innimellom. Fin tur og god trim.

Map    

Fjerdingen

Date:
01.07.2022
Characteristic:
Bike trip - off-road
Distance:
20.3km

Sykkeltur med topptur til. Sykla i gjennom byen, forbi Østmarka, og til eit vatn i Bjørkedalen. Vidare til fots på fin merka sti til toppen av åsen. Artige skilt på trea, med fin tekst og i ulike farger. Utsiktspunkt og postkasse nokre hundre meter vest for toppen.

Map