Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Krakhellenipa

Date:
28.05.2022
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
11.8km

Fin tur i Solund. Plan var Dagsturhytta, men den laut vente til neste dag. Krakhellenipa med god primer-faktor freista fyrst. Turen vart lenger enn planlagt, grunna litt svak førebuing. Angreip fjellet visuelt ut frå kart-kvotar etter minnet, og etter dei visuelt nærast loddrette flellveggane oppover i mot. Då blei det inn dalen, og opp på fjellet, der det såg farbart ut. Det fungerte greitt det. Like under Mednipa, nådde vi vardar. Der såg vi ruta nedatt, som vart nytta. Men fyrst over fjellet etter solide vardar. Og det var naudsynt i dag, for skodda var tett bortetter oppå fjellet. Kom oss greitt til toppen. Sterk vind, og null utsikt. Retur tilbake over fjellet, og ned stien i bratta, som også var godt varda. Her bør ein ikkje gå feil. Fasinerande, sett nedanfrå, at det er >>>

Map    

Klantenovi 5

Date:
26.05.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km

Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen i mai. Ruske ver i dag, men god trening. Runden gikk på 44:05 i behagelig tempo.

Map    

Storehaugen i Lærdal

Date:
25.05.2022
Distance:
6.2km
Map    

Blåskavlen

Date:
17.05.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
22.6km

Fantastisk.. Når ein er så vaksen, at det ikkje er forpliktelsar overfor born. Då gjer ein litt som det lystar seg. Å feire grunnlovsdagen i slike omgivelsar, gjer at ein kan reflektere over mangt og mykje. Kva fantastisk land vi leve i. Nydeleg natur, tryggheit, og gode lover frå 1814, gjer at vi har det betre enn dei fleste på denne kloden. Takk for det, og hurra for 17. mai ! I dag såg eg ikkje skyer, og føret var heilt supert. Solotur i dag sidan sambu var på arbeidsvakt. Rando går fint, sjølv på ei såpass kuppert rute. Hadde ikkje feller på att, på returen. Løyste opp lås på sko, og kom meg opp dei få kneikene i mot, på returen. Noko fiskebein, og staking. Men det var mest køyring nedover att da. Svært morro, og klokka sa 65,6 km/t som maks. Måtte i hockey for å >>>

Map    

Bleia frå Maristovlii.

Date:
08.05.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.9km

Fin tur med Yngve, som kom med turforslag fredag. Eg har vore på Bleia 1821 toppen i Lærdal fleire gonger. Men tidlegare alltid frå Eldrevatnet, når det har vore på ski. I dag skulle vi prøve ei rute frå parkeringsplassen like nedanfor Maristova. Det bar rett inn i skogen. Vi sikta ei grei rute innover mot Kolsmork. Veldig hardt, men det var for såvidt greitt så lenge det ikkje blei for bratt. Passerte etter kvart ei tømmerhytte, og tok sikte på ein åpning i skogen, opp mot Storehaug. Brattare no, og bratt oppgangen her. Her losna skiskoen frå bindingen ei gong både for meg og Yngve. Det var isete, og vanskeleg å få feste opp denne kneika. Vi tok av skia og gikk på føtene siste 30 meter opp, til det flata ut. Vidare var det ei flate før vi passerte grova Fremre Spjotåni. >>>

Map