Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Nevelfjell

Date:
22.09.2018
Distance:
6.9km

Helgetur til Lillehammer. Lett tur til Slåsæterfjellet og Nevelfjell i fine haustfargar.

Map    

Hødntinden

Date:
15.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.8km

Fin haustfrisk tur med Lærdal turlag til Valdres-topp. Værmeldinga var ikkje heilt topp i dag, men grei nok for ein lett tur som denne. Vi var 6 turfolk og ein hund, som kosa oss på tur i lag. Det kom ikkje mykje nedbør, men friskt med litt vind og snøflak innimellom. På returen var det varmare, og haustfargane kom betre til syne. Turar kan bli fine, sjølv om sola ikkje strålar. Det gir variasjon å opphalde seg i haustfjellet med litt nysnø på toppane, når kontrastane i naturen kjem fram, og ein kjenner på elementa. Vi gikk til toppen, og så nokre hundre meter vidare for fin utsikt ned til gardane øvst i Øye.

Map    

Tjønnholstinden og Tjønnholsoksle

Date:
01.09.2018
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
32.0km

Då var tida kommen for ein skikkeleg langtur. Gikk frå Heimdalsmunnen og innover lyng- og myrområde i sikte litt til venstre for toppen Raudhamran. Ei grei rute. Over skaret og nedover trakk i fjellsida med tangering nede ved Leirungsåe ved omlag 1300 moh. I området like før der breelva under Munken kjem ned, kom vi oss over elva, via ei sandsteinøy. Om lag 800 meter på andre sida av dalen, tok vi opp på høgre sida av Tjørnholsbekken. Planla å krysse elva etter vel hundre høgdemeter, og skrå opp ein liten dal. Bekken var såpass stor at vi valde å halde fram opp til flata ved vatnet. Så ca. 90 garder i vestleg retning, og sikte litt under breen. Greitt å følgje ryggen opp til toppunktet på Tjønnholsoksle. Vi brukte litt under 6 timar (kl 14:40) til Tjønnholsoksle, medrekna >>>

Map