Vikafjellet, andre turen. Brille-leiting (21.04.2024)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 43min
Distance 8.7km
Vertical meters 720m
GPS
Ascents Vikafjellet (647m) 21.04.2024 16:11

Kom ned frå fjellet i går utan mine relativt nye solbriller. Så etter turen til Egga tidlegare på dagen, var plan å rusle oppover mot Vikafjellet, til ca. 300 høgdemeter, å sjå etter brillene. Hadde løfta dei opp på hetta, då det var mørkare i skogen. Så sikkert flekt av hetta, når det blei varmt/ly, tenkte eg. Det er ikkje veldig lurt da. Gikk vidare og tenkte, ja ein time kan eg da gå og leite. Kom så på at eg hadde teke av brillene på eit sva på sørsida. Ja-ja, vi kan nå gå opp dit også. Ingen briller. Shit og, eg går ut på Vikafjellet. Ei raud nål som trøst, når eg fyrst er komen så langt. Og dette var tur utan mat, drikke, sekk og snø-kjettingar. Topp vart det, og difor er sporet logga kun nedatt (sidan det ikkje var plan med topping). Brukte ein kvass stein til å hogge litt i hard is på to skrå snøbruer. Det var om mogeleg enno finare utsikt frå toppen i dag, då det var heilt klårt. Så var det retur i brukbart tempo. Og no var eg tryggare på rutevalet i denne labyrinten av eit landskap (baksida og oppå fjellet). Kan legge til, at eg ikkje er sikker på om ruta opp skaret mot topp-platået går, når snøen har smelta. Sidan eg fekk hjelp av ei snøbru der. Men sannsynlegvis går det. På tur opp kan halde litt nede i sida lenger vestover, vil eg tru. No var eg framlei lei meg for briller som forsvann. Og så....... på 280 moh. etter 2:15 på tur. Der ligg altså brillene i stien, litt under og i ei lita einerbusk. Nesten flaks at eg ikkje trakka på dei på turen opp. Da vart eg skikkeleg glad. Så briller i hus, tur nr. 2 i dag, men relativt sleten, då eg var svært låg på energi. Fin tur i alle fall. Når ein får ferten av ein topp, så går det liksom litt lettare.

Mot Florø, øyane, og Bremanger-fjell til høgre.
Mot Florø, øyane, og Bremanger-fjell til høgre.
Mot Eikefjord.
Mot Eikefjord.
Mot Blægja.
Mot Blægja.
Mot Håstein.
Mot Håstein.
Frå toppen mot aust.
Frå toppen mot aust.
Mot aust på retur ned ryggen.
Mot aust på retur ned ryggen.
Leirvågfjellet/Teigafjellet.
Leirvågfjellet/Teigafjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.