Egga / Sandvikfjellet (21.04.2024)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 8.0km
Vertical meters 562m
GPS
Ascents Egga (427m) 21.04.2024 12:27

Tur frå Sagevik. Følgde ei logga rute frå UT-appen. Og den loggen var god å ha undervegs. For å vete kor ein skulle ta av, og korrigere kursen, der den endra seg. Fyrste 90 grader, etter få hundre meter, kunne elles lett ha blitt forbigått. Når eg med hjelp av sporet frå UT kom opp på sva-ryggen bortetter, så gikk det fint. Godt varda her. Forbi eit lite vatn, og vidare på svarygg til myr. Her var det på nytt å navigere litt, då kursen endra seg. Ikkje merking, og lite haldepunkt ved myra. Men opp ryggen tidleg, og mot skaret, om ein hadde følgt med litt på avstand. Då det på nytt flata ut og litt ned frå nokre sva-parti, stod ein ved ein fjellvegg. Kva no ? Litt leiting her, ned nokre få meter i barskog, og så gikk det ein fin sti bortetter, og opp i sida på fjellet. Mykje meir til høgre enn eg hadde sett for meg. Men rett opp var det svarte berget, så klart stien skulle meir "innover". Opp her var det varda, men ein måtte følgje med. Tilrår at ein på retur her føl godt med så ein ikkje kjem for langt ned i sida, og i dalen. Då det flata ut etter dette dagens brattaste parti, så var det berre å finne ei eller anna rute i retning mot toppen. Når eg kom over tregrensa, var det greitt vidare. Det viste seg at ruta eg la til toppen var litt mykje vest. Men då fekk eg utsikta ned mot fjorden etter kvart. Og det var med tanke på å unngå kuppert terreng. 10 min. herifrå, og eg stod på toppen. Og jøsses for ei utsikt det var frå Egga/Sandvikfjellet. Fantastisk. Glad var eg for at eg tok denne utfordringa å gå frå Sagevik. Det er nok kortare å gå frå Sandvika. Men då får ein ikkje ein så variert og flott tur.

Mot Vikafjellet og Håstein.
Mot Vikafjellet og Håstein.
Idylliske Svanevatnet.
Idylliske Svanevatnet.
Snart toppen. Ser ut mot Florø.
Snart toppen. Ser ut mot Florø.
Toppen på Sandvikfjellet, som kallast Egga.
Toppen på Sandvikfjellet, som kallast Egga.
Blir aldri lei "hylle-fjella" i Bremanger.
Blir aldri lei "hylle-fjella" i Bremanger.
Det runde fjellet med masta er Hatlesetnipa.
Det runde fjellet med masta er Hatlesetnipa.
Håstein.
Håstein.
Ulendt terreng.
Ulendt terreng.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.